Tilkallingsvikar - Helse og omsorg
Annonsen gjeld stillingar innan pleie og omsorg (hemetenesta og institusjon) samt kommunens helseteneste ellers.
Vi søkjer:
Tilkallingsvikar eller kortare vikariat ved behov.
Som hovudregel blir ledige stillingar lyst ut med eigen annonse, men det kan i periodar vere eit behov for tilkallingsvikarar eller vikarar for ein kort periode. Dersom du har ønskje om å bli tilkallingsvikar, kan du vise interesse ved å sende oss ein elektronisk søknad.
Informasjon om avtale som tilkallingshjelp:
Avtale som tilkallingshjelp inneber at Hemsedal kommune tek kontakt med arbeidstakaren ved behov for midlertidig tilsetjing, jf AML § 14-9.
Det er verksemda sitt behov som er utgangspunkt for førespurnaden til arbeidstakaren. Denne avtala inneber i seg sjølv inga plikt for arbeidstakaren til å utføre arbeid i verksemda. Arbeidstakaren kan avslå førespurnaden utan at dette får nokon konsekvens. Arbeidsgjevar har rett til å inngå tilsvarande avtale om tilkallingshjelp med andre og verksemda står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Tilkallingsavtalen er saman med vaktprotokollen ei godkjent arbeidsavtale, og Hemsedal kommune har arbeidsgjevaransvar frå du kjem på jobb og til arbeidsadagen er ferdig. Du er i denne perioden omfatta av kommunens pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til dokumentasjon:
For dei fleste stillingane i helse og omsorg er det krav om politiattest jf. helsepersonelloven, og for nokon stillingar jf. pplæringslova. Dei som tilsetjast i stillingar innan helse og omsorg kan bli pålagt å ta MRSA og tuberkulose prøve.
Politiattest skal leverast før ein startar i stillinga, og det kan vere behandlingstid hos politiet. Det må søkjast elektronisk og du må i samband med dette få ein stadfesting frå oss som arbeidsgjevar på at du har behov for politiattest.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn, lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil ev. bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi tek i mot søknader fortløpande, og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Om vi ved eit seinare høve legg ut ledige stillingar som er av din interesse, må du sende oss ein ny søknad sjølv om du tidlegare har vist oss interesse ved å sende oss ein generell søknad eller er tilkallingsvikar.
Til informasjon vil leiarane i helse og omsorg få tilgang til din søknad.
Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Krav om poiltiattest jf gjeldande lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestiiilng og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)
Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune.
På vår webside finn du link til dei andre kommunene i Hallingdal sine websider. Der kan du finne ledige stillingar for den enkelte kommune. På www.nav.no finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.