Vertar ved Vinjesenteret
Vil du halde omvisingar for ulike grupper ved Vinjesenteret og i Vinjestoga? Er du trygg på å selje billettar, butikkvarer og enkle kafévarer? Vil du vere med på å opne ein ny møteplass i bygda?
Vi har ledige stillingar for deltidstilsette/tilkallingsvikarar både i sommarsesongen og for helge- og kveldsvakter frå og med hausten 2021. Skriv i søknaden din om du berre har høve til sommarjobb, eller om du kan ta helge- og kveldsvakter resten av året i tillegg.
Arbeidsoppgåvene er blant anna
· bemanning av resepsjon og butikk
· gjennomføring av omvisingar i og for Vinjesenteret
· godt vertskap for gjester og utøvarar
· praktiske oppgåver i samband med arrangement og gruppeomvisingar
Vi ser etter deg som ønskjer å skape gode kulturopplevingar av høg kvalitet som gjer at gjestene gjerne vil kome attende.
Kompetansekrav:
· trygg på digitale verktøy, som kassasystem, billettsystem og sosiale medium
· erfaring frå formidling
· beherskar nynorsk og engelsk skriftleg, norsk og engelsk munnleg
Det er ein fordel å beherske andre språk, til dømes tysk, spansk eller samisk.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.
Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.
Fast løn er lønssteg 19. Dette svarer til ei timeløn på 163 kr. Fast 25 % tillegg for kveld (etter kl. 20.00) og helg. Det blir gitt ansiennitetstillegg.
Stillinga er ledig frå og med 15. juni 2021 og har arbeidsstad ved Vinjesenteret i Vinje kommune i Vestfold og Telemark fylke. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Det er obligatorisk betalt opplæring 28.-29. mai og 4.-5. juni. Den som får stillinga, kan få tilbod om forlenging av engasjementet eller fast stilling i Nynorsk kultursentrum.
Grip sjansen! Send ein søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 12. mars 2021 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.
Har du spørsmål om stillinga? Kontakt Kristian W. Rantala, arenaleiar ved Vinjesenteret: tlf. 46 29 98 04
Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.
Om bedriften
Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik og Vinje-senteret i Vinje i Telemark.
Vinje-senteret for dikting og journalistikk opnar dørene sommaren 2021 med ei utstilling som undersøker korleis fakta og fantasi pregar dikting og journalistikk i Noreg før, no og for framtida. Nynorsk kultursentrum driv allereie formidling i Vinjestoga, ved arrangement og Litteraturdagane i Vinje. I 2021 vil Nynorsk kultursentrum ha fire faste tilsette fagarbeidarar og fleire deltidstilsette.