Landkoordinator Nepal
Kva får du jobbe med hos oss?
Bufdir samarbeider med Statistisk sentralbyrå og Kulturdepartementet i Noreg om å dele røynsler frå norsk likestillingsarbeid, og no treng me ein rådgjevar i fast stilling som koordinator for landprogrammet i Nepal og eventuelt andre land. I landprogrammet i Nepal deler me røynsler med departementet som er ansvarleg for likestilling om korleis Noreg jobbar med kunnskapsstyring, det vil seie korleis me skaffar eit godt kunnskapsgrunnlag når me utarbeider likestillingspolitikk og -planar. Du vil få jobbe administrativt med budsjett knytta til leveransen av landprogrammet på vegner av dei tre norske samarbeidsinstitusjonane. Du vil koordinere arbeidsplanar og planprosessar for leveransen med både norske og nepalske partnarar, og i tillegg vil du få administrative oppgåver som å utarbeide rekneskap for programmet, fakturaer og årsrapportering i tråd med det donoren Norad krev. Du vil få høve til å oppleve Nepal og knyte nettverk internasjonalt med fleire av samarbeidslanda våre. Mellom anna vil du arrangere kurs om likestilling med deltakarar frå ulike land, og du vil få vere med på å sondere og bidra i konseptfasen for to nye land.
Kva slags bakgrunn har du?
Du har utdanning på masternivå, gjerne med likestilling og/eller utviklingsstudie i fagkrinsen. Sidan du skal jobbe internasjonalt, må du ha røynsle frå internasjonale organisasjonar og internasjonalt arbeid generelt og innan arbeid med kjønslikestilling og bistandsarbeid i utviklingsland spesielt. Me ser gjerne at du har jobba direkte med målgrupper og samarbeidspartnarar i bistandsland. Du har kompetanse på prosjektstyring, og du har sett i gang prosjektarbeid og aktivitetar både sjølvstendig og i samarbeid med ulike aktørar i tråd med dei måla som er fastsett for prosjektet. Du må skrive og snakke godt engelsk. Du vil òg jobbe ein del i Excel, så det er viktig at du kjenner dette programmet godt. Du bør ha røynsle frå offentleg forvalting og med bistandsfagleg rapportering og økonomistyring
Kva slags person ser me etter?
Den ideelle løysinga er ikkje alltid mogleg å få til i arbeidet vårt. Difor er det viktig at du er fleksibel og klarer å vere pragmatisk i ulike situasjonar. Dette krev òg at du er god til å omstille deg. Sidan du ikkje alltid veit kva dagen vil by på, er det viktig at du klarer å halde fokus og vere tolmodig i tillegg til å vere god til å ta initiativ og løyse problem som måtte oppstå.
Kva får du hos oss?
Har du lese heilt hit, vonar me at jobben er interessant for deg. Sidan vi er eit direktorat, kan me ikkje tilby deg firmabil og bonusar. Men til gjengjeld får du vere med på å løfte oss slik at me kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner me har stor verdi i seg sjølv. Men du får sjølvsagt òg løn! Nøyaktig kor mykje du får i året, kjem an på kvalifikasjonane dine, men ho vil liggje mellom 450 000 - 620 000. Du vil få stillingskoden rådgjevar.
I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten, det vil mellom anna seie fleksitid og sumartid. Du får òg medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får òg høve til å trene i arbeidstida.
Les dette før du søkjer!
Når me skal vurdere søkjarane i første omgang, er me meir opptekne av kor godt du fyller dei formelle kvalifikasjonskrava enn kor flink du er til å skrive ein jobbsøknad. Difor er det ekstra viktig at du skildrar kva du har gjort, kva du har oppnådd og andre ting du tykkjer er relevante i fritekstfeltet når du fyller ut CV-en. Det gjer at me får eit så godt bilete som mogleg av deg og kvalifikasjonane dine. Det tyder òg at du ikkje skal skrive eller leggje ved eit søknadsbrev.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at me kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer me oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar me deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar me inn minst ein i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg me til rette for deg om du treng det. Bortsett frå å velje ut dei rette kandidatane nyttar me ikkje avkryssinga til noko anna enn anonymisert statistikk.
Du kan be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dette må du i tilfelle grunngje. Me tek kontakt med deg om ynsket ditt ikkje vert teke til følgje.
Har du spørsmål om stillinga? Då kan du kontakte seniorrådgjevar Gudrun Jevne på telefon 466 18 436.
Om bedriften
Om oss
En god barndom varer livet ut! Bufdir har kanskje landets viktigste samfunnsoppdrag: Vi vil gi barn og unge en best mulig oppvekst. Derfor jobber vi med barn, ungdom og familier, og vi tilbyr både barnevernstjenester og familieverntjenester på vegne av staten. Vi jobber med likestilling og ikke-diskriminering og utjevning av levekårsforskjeller slik at alle skal kunne få de samme mulighetene til å delta i samfunnet uavhengig av blant annet alder, kjønnsidentitet, seksuell identitet eller funksjonsnivå.
Vi gjør mye, og framover vil vi gjøre enda mer. Derfor trenger vi fler på laget – vil du være med? Les mer om oss på bufdir.no.