Helsesekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4237369294 Presentasjon av stillingen:
Divisjon psykisk helsevern, Klinikk sikkerheitspsykiatri har no ledig stilling som helsesekretær. Det er 4 seksjonar ved Klinikk sikkerheitspsykiatri, Regional sikkerheitspost (RSA), Lokal sikkerheitspost (LSA), Seksjon for fengselshelseteneste og Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.
Sengepostane RSA og LSA tar imot personar med alvorlege sinnslidingar og stor risiko for alvorleg valdeleg åtferd overfor andre, eventuelt med tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk. RSA skal gje eit tilbod til pasientar i Helseregion Vest. Seksjonens primære oppgåve er å ta hand om pasientar som er for ressurskrevjande for dei lokale sikkerheitseiningane i regionen. LSA har ein tilsvarande funksjon, men er føretaksdekkjande. Judisielle døgnobservasjonar på oppdrag frå retten er og ei viktig oppgåve for klinikken.
Stillinga er knytt til administrasjonen.
Arbeidsoppgåver
- Registrering av pasientdata i elektronisk journal DIPS
- Oppmøteregistrering i DIPS
- Koding i pakkeforløp PPR
- Bistå spesialistane ved behov
- Administrative oppgåver knytt til kontrollkommisjonen
- Utføre delegerte arbeidsoppgåver for seksjon fengselspsykiatri og kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Helsesekretær
- Sjukehuserfaring er å føretrekkje
- Kunnskap i vårt pasientadministrative system Dips
- Generelt gode IKT kunnskapar
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Strukturert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift - inkluderande arbeidsliv bedrift
Kontaktinformasjon
Eli Endresen Sture, Rådgjevar, 97575840, eli.endresen.sture@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4237369294
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2020
Søknadsfrist: 30.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.