Fagarbeidar kyrkjebygg og gravplass/kyrkjetenar
Org. nr: - Stillingsident: 4193814382 Presentasjon av stillingen:
<<Nær Gud, nær menneske.>>
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i nye Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi ønskjer å etterleve.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 38 500 innbyggarar og 28 600 medlemer. Innan fellesrådsområdet er det 8 kyrkjer og 17 gravplassar. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og i tverrfaglege sokneteam. Stillinga som fagarbeidar kyrkjebygg og kyrkjegard/kyrkjetenar høyrer til seksjon for kyrkjer og gravplassar.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer
Fagarbeidar kyrkjebygg og kyrkjegard/kyrkjetenar -- 100% stilling.
Ønskjer du å arbeide med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø? Då kan dette vere stillinga for deg.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og revidere planar for vedlikehald av kyrkjer og andre bygg fellesrådet har ansvar for i samråd med leiar
- Føre elektronisk oversikt over vedlikehaldsbehov, planar og utført arbeid
- Fagleg rettleiing og oppfølging av medarbeidarar som har ansvar for dagleg vedlikehald av kyrkjer
- Utføre vedlikehaldsarbeid på bygg
- Bistå i anskaffingsprosessar ved behov for kjøp frå eksterne leverandørar
- Graving og vedlikehaldsarbeid på kyrkjegardane i Øygarden
- Gi god service og vere imøtekommande overfor besøkjande i kyrkjene og på kyrkjegardane
- Klargjere kyrkjer og gjere teneste ved gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement
Kvalifikasjonar
- Byggteknisk utdanning med fagbrev som til dømes tømrar eller murar
- Personar utan formelle faglige kvalifikasjonar vil kunne bli vurdert med utgangspunkt i dokumentert arbeidserfaring
- Må kunne forstå og arbeide etter tekniske teikningar
- Relevant erfaring innan bygg og anlegg
- Må kunne bruke IKT som arbeidsverktøy i det daglege arbeidet
- Må kunne kommunisere godt på norsk
- Førarkort klasse BE
Personlege eigenskapar
- Du er ein utprega lagspelar, og har evne til å spele andre gode
- Du er ein praktikar med sans for detaljar på det estetiske området
- Du er eit ordensmenneske, og arbeider strukturert og effektivt
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å omstille deg
Vi tilbyr
- Spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med leiar
- Eit godt samarbeid innan både innan seksjon for kyrkjer og gravplassar og innan staben for øvrig
- Eit arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
- Høve til personleg og fagleg utvikling
- Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor
- Pensjonsmedlemsskap i KLP
Anna
- Du må vere medlem av Den norske kyrkja
- Stillinga vil gå inn i eit teamarbeid på driftsavdelinga. Fagarbeidar kyrkjebygg og gravplass/kyrkjetenar samarbeider også med øvrig stab
- Vi søkjer ein medarbeidar som kan gå inn i helgeteneste, med 1 helg arbeid og 3 helger fri. Helgetenesta kan på sikt verte auka til teneste annakvar helg. Noko kveldsarbeid må også påreknast
Kontaktinformasjon
Norvald Snekkevik, driftsleiar, 93070741
Olav Martin Vik, kyrkjeverje, 93264400
Arbeidsstad
Idrettsvegen 143
5353 Brattholmen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.:4193814382
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2020