Spesialpedagog
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4406072512 Presentasjon av stillingen:
Ressursteam -- førskule
Ressursteam førskule er eit team samansett av spesialpedagogar og logoped. Teamet gjev spesialpedagogisk hjelp til barn som har enkeltvedtak, med stort fokus på inkludering i barnegruppene.
Me har nå ein ledig mellombels stilling i 60 % som spesialpedagog frå 16.08.2021 -- 15.08.2022.
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk (minimum 30 studiepoeng)
- Har erfaring frå spesialpedagogisk arbeid med barn i barnehage
- Har erfaring med ASK
- Ved tilsetjing må politiattest av ny dato leggast fram
Personlege eigenskapar
- Er respektfull, varm og grensesetjande i møte med barn
- Er glad i leik og aktivitet og som gir barna gode meistringsopplevingar
- Er fagleg engasjert, har gode samarbeidsevner og som likar utviklingsarbeid
- Likar sjølvstendig arbeid, er strukturert, fleksibel og initiativrik
Vi tilbyr
- Variert arbeid i eit positivt og engasjert fagmiljø
- God offentleg pensjonsordning
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Gunnhild Staupe, Leiar Ressursteam, 99 61 96 74
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4406072512
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Startdato: 16.08.2021
Sluttdato: 15.08.2022
Søknadsfrist: 02.07.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.