Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/miljøarbeidar - ID 1131
Søknadsfrist: 24.10.2021 Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stillingar ledige:
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/miljøarbeidar, ID 1131, 2 x 16,9 % fast stilling, tilsetjing frå 03.01.22.
Det er ynskjeleg med opplæring i forkant av tilsetjingsdato.
For tida er dette langvakter av 12 timar laurdag og sundag 4. kvar helg i bustad med menneske med utviklingshemming. Då vi har stort behov for tilkallingsvikarar ved ferie og sjukdom, er det ynskjeleg at personen kan arbeide som tilkallingsvikar ved sida av helgestillinga.
Assistentar vil også kunne bli vurdert.
Arbeidsoppgåver:
- Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak.
- Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane
- Dokumentere i journalsystemet Profil
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som helsefagarbeidar/autorisasjon som hjelpepleiar
- Har førarkort kl. B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
- Evne til å take ansvar, er sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
- Kan ivaretake menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
- Oppteken av å sjå og finne løysingar, hovudsakleg med utgangspunkt i brukaren sitt behov
Vi kan tilby:
- Spanande og interessante arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø der vi ser kvarandre
- Kollegaer med humor som sit laust
- Løn etter gjeldande avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.