Austevoll kommune søker kommunalsjef for tenesteområdet helse og velferd
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kommunalsjefen leiar eit tenesteområde i utvikling kor det er store og utfordrande oppgåver som skal løysast i åra som kjem. Me søker ein kommunalsjef som har kapasitet, kunnskap og leiarerfaring til å handtere mange og allsidige arbeidsoppgåver innan ansvarsområdet. Kommunalsjefen inngår også i rådmannen si leiargruppe og representerer rådmannen i politiske råd og utval. Det er ei leiarstilling med stor påverknad på tenestene som kommunen tilbyr. Oppgåvene er spennande og Austevoll kommune har rammevilkår som gjer oss trygge på at me saman vil lykkast med dette viktige arbeidet.
Tenestene i kommunalsjefens ansvarsområde er for tida organisert i desse einingane:
- legeteneste
- jordmor
- ergo -- og fysioterapi
- psykisk helse, rus- og kreftomsorg
- NAV
- pleie og omsorgssenter
- heimetenester
- miljøarbeidertenester
- tildelingskontor
Kommunalsjef har det overordna ansvar for at oppgåvene til eikvar tid blir løyst og organisert på best mogeleg vis.
Arbeids- og ansvarsområde
- Overordna leiaransvar for fag, personal og økonomi i samspel med einingsleiarane
- Tydeleg strategisk leiing med fokus på samspel, utvikling og innovasjon
- Sikra godt samarbeid mellom tilsette og organisasjonar
- Ansvar for forsvarleg førebuing av saker som skal handsamast politisk
- Følgje opp politiske vedtak
- Legge til rette for strategisk kompetanseutvikling og rekruttering
- Ta i vare kommunen si viktige samfunnsrolle i tråd med dei pålegg og forventningar som regionale og sentrale mynde legg på helse- og velferdsområdet
- Sikre at kommunen har god kontakt og samarbeid med helseforetak, nabokommunar, brukarorganisasjonar, lokale nettverk, frivillige organisasjonar, kommunale råd og utval, politisk miljø og ikkje minst innbyggjarane i Austevoll kommune
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat frå større og komplekse organisasjonar
- Erfaring med omstillings- og utviklingsarbeid
- Kunnskap om dei ulike tenestene i helse- og velferd
- Forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God økonomiforståing
Personlege eigenskapar
- Du er lyttande, målretta, strukturert og utviklingsorientert
- Du er god på kommunikasjon og medverkar til eit godt og effektivt samarbeid innan kommunen og ovanfor eksterne aktørar
- Du har stor arbeidskapasitet og er ein aktiv initiativtakar med stor gjennomføringskraft
- Du er innovativ med eit stort engasjement som påverkar dine medarbeidarar i ei positiv retning
- Du taklar press frå ulike interessegrupper og er trygg i mediehandtering
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Bjarte Madsen, Tlf: 55081101, Mobil 93412724, Epost: bjarte.madsen@austevoll.kommune.no
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!