Vi søker psykolog til vårt senter for jobbmeistring
Nav Vestland kompetansesenter for arbeidshelse
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog
Oppstart
31. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 11. desember
Vi har ledig 1 års vikariat som psykolog ved Nav Senter for jobbmeistring. Vi ser etter kandidatar som identifiserar seg med verdigrunnlaget til Nav og som har forståing for arbeids- og velferdspolitikken i eit samfunnsperspektiv.
Senter for jobbmeistring er eit tilbod retta mot personar med lettare psykiske helseplager som til dømes angstlidingar og depresjon, der symptoma gjer det vanskeleg å fungere i arbeidslivet. Målet med tilbodet er meistring av symptom og auka tilknytning til arbeidslivet. Tenesta bygger på metoden individuell jobbstøtte (IPS). Du vil gi arbeidsretta kognitiv terapi der meistring av arbeid og psykisk helse er hovudfokus. Tilbodet om arbeidsretta kognitiv terapi er eit korttidstilbod. Tett samarbeid med jobbspesialist er ein viktig del av jobben. Senter for jobbmeistring har 6 psykologar og held til i Bergen.
Senter for jobbmestring er ein del av eit spennande tverrfaglig arbeidsmiljø i ein av Nav sine spesialeiningar. Saman med pedagogar, legar, psykologar og jobbspesialistar kan du få jobbe med å gi menneske moglegheiter!
Arbeidsoppgåver
- Kognitiv korttidsterapi til personar med lettare til moderate psykiske plager med sikte på å fungere i arbeidslivet
- Samarbeid med jobbspesialist i samsvar med IPS-modellen
- Samarbeid med NAV sine ulike tenester i brukarsaker og i samarbeid med primær- og spesialisthelsetenesta
- Fleksibel oppfølging i kombinasjon av fysiske møte og videoterapi
Kvalifikasjonar
Du må ha:- norsk autorisasjon som psykolog
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med individuelle samtalar og kognitiv terapi som metode
- erfaring frå arbeid etter IPS-metoden
- erfaring med arbeidsretta kognitiv terapi og metakogitiv tearpi som metode
- erfaring frå tverrfagleg teamarbeid
- kjennskap til Nav sitt arbeid og verkemiddel, organisering og mål
Vi ser etter deg som
- har gode relasjonsferdigheiter
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- arbeider målretta, strukturert, sjølvstendig og effektivt
- har gode evner til, og interesse for å drive rettleiing og opplæring
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Variert og tverrfagleg samarbeid
- Fagleg utvikling og oppfølging innan relevante fagområde for stillinga
- Eit godt og fagleg engasjert arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Statleg tilsetting i stillingskode 0794 psykolog med lønnsspenn frå kr. 657.300 til kr. 708 000 per år (tilsvarande ltr. 67 - 71). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorleiar, 408 27 552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.noArbeidssted
Møllendalsveien 85009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4890466272
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 31.01.2025
Sluttdato: 31.01.2026
Søknadsfrist: 11.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800442
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba303acb9e0a4dc59ebf303d054f2108