Sjukepleiar. 100% fast stilling ved Akuttposten i kombinasjon med Bemanningssenteret
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
Solheimsgaten 9, 5058 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4331319590 Presentasjon av stillingen:
Akuttposten har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar. 80% av stillinga er knytt til Akuttposten medan 20% er knytt til Bemanningssenteret.
Akuttposten er ein sengepost med 10 senger som ligg i Bergen helsehus. Alle våre pasientar blir lagd inn som øyeblikkelig hjelp, så du må like å jobbe i ein uforutsigbar kvardag. Dei fleste pasientane hos oss er her på grunn av akutte, rusrelaterte problemstillingar, ofte kombinert med alvorlege somatiske og psykiatriske diagnosar. Vi jobbar tverrfagleg og tett rundt kvar enkelt pasient.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved Akuttposten. Ved ekstrabehov ved posten vil du arbeide dei fleste av vaktene der.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære sjukepleiaroppgåver med tett oppfølging av den enkelte pasient
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vi vil gjerne ha fleire kollegaer med godt humør og pågangsmot, men først og fremst må du ha gode kommunikative evner
- Du må vere lærevillig og audmjuk i møte med pasientar og pårørande i store, personlege kriser
Vi tilbyr
- Vi er ein liten sengepost der du vil bli ein del av eit lite, men samansveisa og humørfylt arbeidsmiljø. Vi legg vekt på god opplæring og oppfølging
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing etter nærare avtale
Kontaktinformasjon
Anne Margrethe Stokken, Einingsleiar, 53032779
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 55976900
Arbeidsstad
Solheimsgaten 9
5058 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4331319590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.01.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Jonas Lies vei 65, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 22. januar 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4331319590_Helse Bergen_webcruiter
Stillingsnummer: 8846227b-dccb-49f5-bbe2-8be67d130729