Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4269327012 Presentasjon av stillingen:
Kirurgisk sengepost tilhøyrande Klinikk Volda sjukehus er ein kombinert kirurgisk, gynekologisk og ortopedisk sengepost.
Vi har ledig vikariat i 2 x 75 % stilling for sjukepleiar frå snarast til ut 2020, med stor moglegheit for forlenging
Vi kan tilby ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø. Hyggelege og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogleg pasientbehandling.
Vi arbeider saman for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange varierte og spennande utfordringar for den rette personen.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Stillingane medfører arbeid i 3-delt turnus, inkludert nattevakter og med arbeid gjennomsnittleg kvar tredje helg
- Pre og postoperativ sjukepleie til alle aktuelle pasientgrupper
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring innan kirurgi i sjukehus vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Pliktoppfyllande
- Å vere personleg eigna og å ha fagleg engasjement vert vektlagt
- Må trivast i eit miljø med høg aktivitet
- Medvirke til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit inkluderande og postitivt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift
- Eit spennande og mangfoldig fagmiljø
Kontaktinformasjon
Aina Torine Rangsæter, Seksjonsleiar, +47 70058389, Aina.Torine.Rangseter@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4269327012
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 17.08.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 17.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal