Kommunelege - vikariat...
Stillingsannonsen er inaktiv.Fyresdal kommune
Fyresdal kommune
ID 537:
Ein av legane våre skal ha eit års utdanningspermisjon som sjukehusteneste i samband med spesialisering i allmennmedisin. Vi søkjer derfor etter kommunelege i 100 % vikariat, i fastlønna allmennpraksis, frå 01.09.2019 til 31.08.2020. Vi kan tilby:
• Eit helsesenter der mykje av helsetenesta er samla. Det samla fagmiljøet består av to kommunelegar, turnuskandidat, sjukepleiar, helsesekretær, helsesjukepleiar, jordmor, psykiatrisk sjukepleiar og psykiatrisk hjelpepleiar. Helsesenteret er godt utstyrt med ultralyd, spirometri m.m. Vi nyttar Infodoc som fagprogram. Tannklinikken held også til i same bygg.
• Eit helsesenter som samarbeider tett med pleie- og omsorgssenteret.
• Ein svært velutstyrt ambulanse og ei god ambulanseteneste i kommunen. Legevaktsamarbeid med Arendal kommune. KAD-plass på pleie- og omsorgsenteret.
Ellers finn du mykje informasjon om kommunen her på heimesida vår og på kommunens Facebookside.
Vi ynskjer:
• Ein positiv og fagorientert lege med gode samarbeidsevner, fagleg tryggleik og gode norskkunnskapar.
• Ein lege med spesialisering innan allmennmedisin / indremedisin.
Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.
Arbeidsoppgåver:
• Kurativ verksemd.
• Tilsynslege pleie- og omsorgssenteret - 20 %.
Tilsetting i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk.
Spørsmål?
For meir informasjon om stillinga, kontakt konstituert rådmann, Une Marit Aarbakk Tangen, på tlf. 35 06 71 03 / 974 05 068.
Søknadsfrist:
Søknadsfristen er 14. juni 2019.
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fyresdal kommune
Adresse
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 28. juni 2019
Hentet fra: fyresdal.kommune
Referanse: ledig-stilling/kommunelege---vikariat
Stillingsnummer: 88012050-a7f0-4c50-839b-46114df4ddf3