Vernepleiar og miljøterapeut ved Myroldhaug Psykisk helse og Rus (PHR)
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar og miljøterapeut ved Myroldhaug Psykisk helse og Rus (PHR)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Er du på jakt etter ein arbeidsplass som styrker hjelpetilbodet for menneske med psykiske lidingar, tilbyr spennande utfordringar og har eit sterkt tverrfagleg fagmiljø?
Då er dette stillinga for deg!
Vi har ledige stillingar i Psykisk helse og rus (PHR):
1 x 100 % fast stilling som vernepleier, tiltreding snarast.
2 x 100 % faste stillingar som miljøterapeut, tiltreding snarast.
Avdeling PHR har to bufellesskap:
Bufellesskapet på Myroldhaug: 7 faste bebuarar.
Bufellesskapet på Gjerdane: 5 faste bebuarar og ein akutthybel.
Vi gir også oppfølging til heimebuande tenestemottakarar i kommunen.
Våre tenestemottakarar har behov for omsorgsfulle, fagleg dyktige personar som skapar tryggheit og meistring.
Vi har ei Recovery-orientert tilnærming til tenestemottakarane.
Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta og andre instansar.
Vi ser etter personar med sterk fagleg kompetanse, gode samarbeidsevner og med evne til å arbeide i tverrfaglege team.
På Myroldhaug PHR jobbar tett med tenestemottakarane gjennom individuell oppfølging og miljøterapeutiske arbeidsoppgåver i tråd med primær- og sekundæransvarsoppgåver.
Vi har:
Årsarbeidsplan med kort- og langvakter med moglegheit for tilpassing
Turnus med fokus på optimal kompetansebruk
Overnattings moglegheiter ved pendling.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for det faglege rundt dei brukarane man er primær- og sekundærkontakt for
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
- Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
- Rettleie studentar og andre
- Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
- Oppfølging og journalføring i pasientjournal
- Delta i det faglege rundt brukarane
- Helsefagleg oppfølging og legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
Kvalifikasjonskrav som vernepleiar- Vernepleiar med autorisasjon
- Kandidatar med helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogikk kan også søkje
- I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning og kurs
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
- Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
- Kandidatar med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar, som ønskjer å ta relevant utdanning, kan også søkje.
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
- Andre med relevant erfaring og gode, personlege eigenskapar kan også søkje
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Personleg eigenskap vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Høve til fagleg og eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at du lastar opp vitnemål, attestar og referansar vert samla opp saman med søknaden.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med vikarierande avdelingsleiar Knut Oddvar Sundli tlf. 909 78 256.
Kontaktinformasjon
Knut Oddvar Sundli, Vikarierande avdelingsleiar Myroldhaug PHR, 909 78 256, knut.sundli@stad.kommune.noKarl Alsaker, Einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 915 61 383, karl.alsaker@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4881016141
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2801075
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ab62ffa0cf3c4b9782f7fc4f6476b813