Ferievikar - Kviteseid legekontor, ID 1093
Søknadsfrist: 05.05.2021 Har du helsefagleg bakgrunn og ynskjer å arbeide som sommarvikar på legekontoret i Kviteseid?
Ved Kviteseid helsesenter, legekontoret er følgjande stilling ledig:
Ferievikar for helsesekretær og sjukepleiar - ID 1093 , opp til 100 % vikariat, tilsetjing frå 21.06.21 -- 15.08.21.
Arbeidsoppgåver:
- Sentralbordarbeid
- Laboratoriearbeid
- Anna førefallande arbeid ved legekontoret
Kvalifikasjonar:
- Helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis sjukepleiar(student), helsesekretær eller bioingeniør
- Fordel med erfaring frå arbeid ved legekontor, men ikkje eit krav
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt, blid og imøtekommande
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevne
- God evne til å handtere stress
- Fleksibel og tilpassingsdyktig
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju .