Lege i spesialisering, rus- og avhengigheitsmedisin
Org. nr: 833974724 Stillingsident: 4345791397 Presentasjon av stillingen:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 4 vikariat for lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin. Vikariata er ledige frå omgåande og varer i første omgang i 6 månader, med stor moglegheit for forlenging og evt fast stilling. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. Cand.med. kan søkje og vurderast dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar.
Haukeland universitetssjukehus, avdeling for rusmedisin er godkjent for heile utdanningsløpet i rusmedisin. Avdelinga har 9 godkjente spesialistar i rusmedisin. LIS går inn i ei rotasjonsordning med teneste ihht. spesialistkrava. Stillinga vil vere godt eigna for fastlegar som treng sjukehusåret til spesialisering i allmennmedisin.
Avdeling for rusmedisin vart frå 01.12.2019 utvida til å omfatte tidlegare Bergensklinikken. Avdelinga tilbyr heile spekteret innan rusbehandling, og er delt inn i fleire seksjonar, m.a. døgnpostane på Askøy, Tertnes, Skuteviken, Martens, Klokkarvik og Manger i tillegg til poliklinisk verksemd fordelt på LAR med ansvar for ca 1000 pasientar, poliklinikk for unge, vaksenpoliklinikk, ambulante tenester og vurderingseining for alle tilvisingar til rusbehandling i Helse Bergen sitt nedslagsfelt.
Arbeidsoppgåver
- Postarbeid og arbeid ved poliklinikk med utgreiing og behandling av samtidige ulike rus- og avhengigheitslidingar, psykiatrisk og somatisk sjukdom
- Deltaking i ansvarsgrupper med primærhelsetenesta og sosialtenesta
- Mottak, undersøking og behandling av pasientar som blir lagd inn på tvang
- Poliklinisk oppfølging av LAR pasientar
- Vaktteneste på Akuttposten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det vert kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Akuttmedisinsk erfaring er ønskjeleg
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
- Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
- Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Ei god pensjonsordning
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Kontaktinformasjon
Hege Tønnesen, Avdelingsoverlege, 46836501, hege.tonnesen@helse-bergen.no
Therese Svendsen, LIS koordinator, 97873779, therese.marlen.svendsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Avdeling for Rusmedisin
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4345791397
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.03.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.