Konsulentar - Eigedomsskatt
Vi søkjer
I samband med planlagt takseringsarbeid hausten 2021 søkjer sektor samfunnsutvikling etter konsulentar for ein periode på tre månader. Stillingane ligg til avdeling byggesak og geodata og er del av eit fagfellesskap med medarbeidarar innan bygge- og delingssak, oppmåling og miljøretta helsevern i tillegg til eigedomsskatt.
Kvinnherad kommune skal gjennomføre eit takseringsarbeid hausten 2021 og treng i samband med dette arbeidet 3 personar til å bistå med gjennomføringa.
Personane vil bli tilsett i 100% mellombels stilling for perioden 23.08.2021 - 22.11.2021
Forventningar til søkjar:
- Relevant utdanning eller erfaring er ønskjeleg, gjerne frå byggrelaterte fag, taksering, eigedomsmekling eller liknande.
- God kjennskap til kommunen
- Førarkort og disponerer privatbil
- Evne til å setja seg inn i nye oppgåver
- Kunne planleggja og disponere tida godt
- God kartforståing
Personlege eigenskapar:
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
- Gode digitale ferdigheiter
- Sjølvstendig
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.