Helsefagarbeidar 2 x 75 % fast Bu- og habilitering
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune
Bu og habilitering Sør
Omtale av stillingane
2 faste stillingar på 75 % som helsefagarbeidar.
Stillinga inneber personleg assistentordning med 12,5 timars vakter.
Vi søkjer
Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
Kvalifikasjonar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Ha gode munnlege og skriftelege kommunikasjonsevner.
- Kunna takle utfordrande adferd.
Relevant arbeidserfaring og kunnskap til arbeid med funksjonshemma er ynskjeleg.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Adresse
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 3. august 2021
Hentet fra: Kvinnherad kommune
Referanse: jobb.kvinnherad.kommune.no/recruitment/opening?4056
Stillingsnummer: 87802894-785e-4dda-801a-0eb5080a4ad8