Lege 100% stilling - arbeidsretta rehabilitering
Er du lege med interesse for samanhengen mellom helse og arbeid? Likar du å vere del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø? Har du lyst til å bu og arbeide høgt til fjells, midt mellom aust og vest?
Rehabiliteringssenteret AiR søkjer lege i 100% stilling.
Det er ulike spesialitetar som kan vera aktuelle for stillinga, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin, eller andre. AiR-klinikk er godkjent som institusjonsteneste for legar i spesialisering som allmennlegar.
Målgruppa for rehabiliteringstilbodet ved AiR er pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon. AiR har et eige tilbod for pasientar med CSF/ME. I tillegg satsar institusjonen no på å gje eit heilskapleg tilbod til unge vaksne med utfordringar i arbeidslivet.
Dei tverrfaglege teama består av lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og psykolog/samtaleterapeut. Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagleg utvikling.
Faglege kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege
- Interesse for fagfeltet
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- God skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
For meir informasjon, kontakt:
Assisterande leiar klinikk Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no eller medisinskfagleg ansvarleg overlege Elisabeth Swensen på tlf 35062800.
Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på beste praksis innanfor fagfeltet. AiR har totalt fem stillingar for legar.