Avdelingsdirektør (vikariat)
Om vikariatet
Avdelingsdirektøren skal leie Seksjon for budsjett og styring (BUDS) med åtte medarbeidarar. Stillinga inngår i avdelinga si leiargruppe, og er eit vikariat på eit år med moglegheit til forlenging. Seksjon for budsjett og styring er ein av fire seksjonar/einingar i Avdeling for styring, administrasjon og samfunnssikkerheit.
Ansvarsområde
Avdelingsdirektøren vil leie seksjonens arbeid og får ansvar for å koordinere, kvalitetssikre og følge opp departementets arbeid med statsbudsjettet. Ein viktig del av samferdselsbudsjettet er oppfølging av dei økonomiske rammene og prioriteringane i Nasjonal transportplan. Seksjonen har og ansvar for å bidra til utvikling og profesjonalisering av etatsstyringa i Samferdselsdepartementet.
Seksjon for budsjett og styring har det overordna ansvaret for økonomistyringa i departementet. Dette inneber oppfølging av reglement for økonomistyring i staten, risikostyring/internkontroll, statsrekneskapen og departementet sitt forhold til Riksrevisjonen, internbudsjettet, rekneskapskontroll, godkjenning av utbetalingar og regelverk for offentlege kjøp.
Kvalifikasjonar
Du må ha relevant utdanning på masternivå, helst med økonomi i fagkretsen, og relevant erfaring frå og gode kunnskapar i statleg budsjettarbeid, statsrekneskap og statleg økonomiforvaltning. Du må vidare ha gode leiareigenskapar utvikla gjennom relevant arbeidserfaring. Kjennskap til samferdselssektoren er ein fordel.
Vi søkjer deg som er initiativrik og løysningsorientert og som har god gjennomføringsevne og samarbeider godt med andre. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Den som får stillinga må kunne sikkerhetsklarerast.
Vi kan tilby
- Arbeid med dagsaktuelle sakjer
- Utfordrande og interessante oppgåver
- Hyggeleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna i spennet mellom kr 860 000 – 940 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert.
Generell informasjon
Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte ekspedisjonssjef Tove Kristin Flølo på telefon 22 24 82 00/ 995 79 150.
Samferdselsdepartementet deltek i regjeringa si inkluderingsdugnad. Vi vil gjerne ha søknader frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan bli brukt til statistikkformål.
I samsvar med offentleglova §25 kan det gjerast unntak for opplysningar om søkjar frå offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer å reservere seg mot å stå på offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Ved eventuelt avslag, vil søkjer bli kontakta før offentleggjering og få tilbod om å trekkje søknaden.
Om bedriften
Om departemente
Samferdselsdepartementet er regjeringa sitt utøvande organ for politikkutforming, forvalting, etatsstyring og eigarstyring innanfor transportsektoren.
Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.