Sjukepleiar - Ortopedisk sengepost - Ålesund sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF
Ortopedisk sengepost Ålesund har ledig vikariat i 82% stilling som SJUKEPLEIAR frå 15.03.2019 - 31.01.2020.
Ortopedisk sengepost er organisert under Klinikk for kirurgi. Avdeling for senepostar, poliklinikk og dagkirurgi Ålesund og Volda.
Sengeposten er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø. Vi har pt. 24 sengeplassar. Hyggelege og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogleg pasientbehandling. Vi arbeider saman for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange og spennande utfordringar for den rette personen.
Andre stillingar kan bli ledige ved intern omrokkering.
Arbeidsoppgåver
Arbeid kvar 3. helg
Moglegheit for ekstravakter
Eit ungt arbeidsmiljø
Spennande fagfelt med mange utfordringar
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Personlege Eigenskapar
Strukturert
Ansvarsbevisst
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
Løn etter overeinskomst
Triveleg arbeidsmiljø
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, ( 47) 70 10 58 17, andre.hoybakk@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1112
Stillingsbrøk: 82%
Vikariat
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 28.02.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4026225224&company_id=1699657252&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.