Rekrutteringssak - Sjukepleiar 100% vikariat Rus- og psykiske helsetenester
Omtale av stillinga
Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter sjukepleiar i 1 års vikariat i 100% stilling. Turnus med arbeid kvar 4. helg i langvakter.
Arbeidsstad på Husnes, avdeling S15.
Som sjukepleier/vernepleier vil ein vere primærkontakt for brukarar og ha koordineringsansvar, ansvar for oppfølging av pakkeforløpet, deltaking på ansvarsgruppemøter og deltaking/koordinering av IP.
Overordna mål å gi helsehjelp for å betre brukarane si fysisk og psykisk helse. Dette gjerast både gjennom oppfølging av brukarar i LAR, vedtaksbestemt oppfølging og lågterskelarbeid.
Tilsetjing frå 01.11.2022, 1 års vikariat.
Kvalifikasjonar
- Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Oppmodar menn til søkja til å søkja stillinga.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Link til søknadsskjema: Send søknad