ID 1753 Sjukepleiar -- Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har ledig 70 % fast stilling som autorisert sjukepleiar på natt frå 01.11.21. Turnus med arbeid kvar tredje helg. Stord sjukeheim har 97 pasientar fordelt på 5 avdelingar. Nattevaktene rullerer mellom avdelingane slik at ein vert kjend med alle pasientane.
Me har god sjukepleiardekning og eit godt fagmiljø, og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marianne Leth Lups, tlf 53 45 43 73 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97.
Søknadsfrist; 26.09.21