Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag
Stillingsannonsen er inaktiv.Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Jobbnorge ID: 194552
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, er det ledig ei heil, fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor for samfunnsøkonom/samfunnsvitar. Oppstart i stillinga skjer etter avtale, og innan 1. august 2021. Stillinga er ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), og først og fremst ved bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon.
Kvalifikasjonar
Søkjarar bør ha doktorgrad som er relevant for bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon, men søkjarar med mastergrad kan også bli vurderte. Relevant fagbakgrunn kan til dømes vere samfunnsøkonomi, samfunnsgeografi, statsvitskap, sosiologi.
Søkjarar bør ha forskingserfaring innanfor eitt eller fleire av desse fagområda i bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon:
-
Samfunnsøkonomi
-
Offentleg forvaltning
-
Berekraftig samfunnsutvikling
Det er ønskeleg at den som blir tilsett har praksiserfaring frå planlegging og/eller administrasjon.
For tilsetjing i stilling som høgskulelektor eller førstelektor, må den som vert tilsett ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising og rettleiing.
For stillingar som førsteamanuensis viser vi til:
Høgskulen i Volda sine krav til pedagogisk basiskompetanse:
https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Retningslinjer%20pedagogisk%20basiskompetanse%20januar%202020.pdf
Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129
Søkjarar til stilling som førsteamanuensis vil ikkje bli rangert på bakgrunn av pedagogisk basiskompetanse, men vurderte. Søkjarar til stilling som førsteamanuensis, som ikkje innfrir krava til pedagogisk basiskompetanse, kan bli tilsett som førsteamanuensis med vilkår om innan to år å opparbeide kompetansen. Det vil bli gitt tilbod om opplæring/kurs/emne for å oppnå pedagogisk basiskompetanse.
IPAS er kontinuerleg i prosess med å utvikle utdanningane. Det er tett samarbeid mellom dei tilsette. Den som søkjer må ha gode samarbeidsevner, vere utviklingsorientert og ha god formidlingsevne skriftleg og munnleg. Søkjarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.
Undervisningsspråket er norsk, og søkjaren må kunne norsk skriftleg og munnleg. Kontorstaden er ved Høgskulen i Volda.
Søkjar må dokumentere eigen kompetanse frå utdanning, relevant arbeidserfaring, undervisningserfaring og ev. forsking/utviklingsarbeid.
Dersom det ikkje melder seg kvalifisert søkjar kan det vere aktuelt å tilsetje i kvalifiseringsstilling etter universitets- og høyskoleloven § 6-5, 1.
Arbeidsfelt
Arbeidsoppgåvene er undervisning, rettleiing, vurdering, fagadministrativt arbeid, forsking og utvikling, inkludert deltaking i interne og eksterne forskingsgrupper. Det er forventa at den som blir tilsett bidreg til utvikling av fagfeltet sitt, og av høgskulen generelt. Stillinga vil først og fremst vere knytt til bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon, men det kan også bli aktuelt å ha oppgåver ved andre studium på instituttet.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit spennande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling, og gode pensjonsordningar. Det er gode vilkår for forsking ved Høgskulen i Volda, og informasjon om støtteordningar finn du her: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/stotteordningar. Høgskulen i Volda har mange forskingsgrupper: https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/forskingsgrupper»
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 - 679 000 og førsteamanuensis 1011 / førstelektor 1198 frå kr 583 900 - 710 192.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, merksame på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål i regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og / eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan søkjar be om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under 'søknad' hake av for 'Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jf. Offentlighetsloven', og grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknaden og all dokumentasjonen skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge, der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
Vitnemål og attestar, samla i ei fil
CV med kontaktinformasjon for referansar
Inntil 10 vitskaplege arbeid, inkludert hovudfags-/mastergradsoppgåve og ev. doktorgradsavhandling
Dei faglege og pedagogiske kvalifikasjonane til søkjarane blir vurderte av eit utval ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129 vil ligge til grunn i vurderinga.
Kontakt
Nærare opplysningar får du ved å vende deg til instituttleiar ved IPAS, Nils Magne Magerøy, e-post nmm@hivolda.no, tlf. 70 07 51 63, eller dekan ved ASH, Randi Bergem, e-post randi.bergem@hivolda.no, tlf. 70 07 52 11.
Om instituttet
Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS). Instituttet tilbyr mellom anna bachelor i planlegging og administrasjon, master i samfunnsplanlegging og leiing, årsstudium i samfunnsvitskap, skuleretta samfunnsfag og samfunnsfag i barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning. Instituttet har per i dag 20 fast tilsette. Det er fleire forskingsgrupper ved instituttet.
Om avdelinga
Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1300 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Adresse
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Hjemmeside
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 30. november 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 194552_Høgskulen i Volda_jobbnorge
Stillingsnummer: 8659bd64-0cdf-4457-854c-d5d46148c89e