Kulturskulerektor- og lærar i Fjord kulturskule
Fjord kulturskule har ledig vikariat som kulturskulerektor og ledig stilling som messinglærar. Behovet vil i første omgang vere ut skuleåret 22/23.
Kulturskulerektor: frå 27.03.2023 - 31.07.2023 inntil 60 % vikariat (mulegheit for forlenging)
Kulturskulelærar: frå 11.04.2023 - 31.07.2023 inntil 40 % vikariat (mulegheit for forlenging)
Fjord kulturskule tilbyr fast undervisning på messing, treblås, fele, song, piano, gitar, slagverk og biletkunst. I tillegg har vi ulike gruppetilbod som "musikksprell" for 1.-3 klasse, tilrettelagt samspel for born og vaksne med nesdsett funksjonsevne, bandtilbod og danseprosjekt. Vi har undervisningsstader ved skulane i Eidsdal, Stordal og Valldal.
Kulturskulen har som mål å vere eit kulturpedagogisk ressurssenter i kommunen, og forsøker å vere ein aktiv samarbeidspartner for det frivillige kulturlivet i Fjord kommune. Vi samarbeider mellom anna med dei tre skulekorpsa i kommunen om rekruttering, instrumentalopplæring og dirigenttenester. I tillegg er kulturskulen inne i musikkundervisninga til 3. og 4. klasse i samarbeidsprosjektet "korps i skulen". "Korps i skulen" er eit tilbod vi i år gir til alle skulane i kommunen, der messinglærar går inn i musikkundervisninga for 10 veker per. skule.
Fjord kommune har nynorsk som målform
Arbeidsoppgåver
- Kulturskulerektor
- Økonomiansvar
- personalansvar
- planlegging og drift
- Opptak til nytt skuleår
- Kommunekontakt DKS
- Kulturskulelærar
- Primært undervisning på messinginstrument, individuelt og i grupper
- Det kan også vere aktuelt med andre undervisningsoppgåver, dersom søkjar har kompetanse innan fleire fagområde/instrument
- Undervisning i musikk på 3. og 4. trinn gjennom samarbeidsprosjektet "korps i skulen"
- Ulike prosjekt og konsertar undervegs i skuleåret
- Samarbeid med skulekorpsa og andre aktørar innan frivillig kulturliv
- Samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
- For-/etterarbeid og møteaktivitet
- Delta i utviklingsarbeidet i kulturskulen
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring
- Relevant musikkutdanning frå universitet/høgskole
- Praktisk Pedagogisk utdanning
- Erfaring frå arbeid med born/unge
- Digital kompetanse
- Eventuell kompetanse/erfaring frå andre fagområde vil vere positivt
- Godkjent politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du set elevane si læring og trivsel i sentrum
- Du er positiv og har evne til å motivere og engasjere
- Du er sjølvstendig, strukturert og fleksibel i høve arbeidsoppgåver
- Du kommuniserer og samarbeider godt med små og store
Personlege eigenskapar, relevant erfaring og referansar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Pensjon i KLP
- Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Marius Moe, personalsjef, 47660346, marmoe@fjord.kommune.noThea Marie Ytterdal, Rektor kulturskulen, 41576702
Arbeidsstad
Posboks 1446210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord kommuneReferansenr.:4606042160
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 27.03.2023
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 27.01.2023
Om bedriften
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.