Sjukepleiar Lindås bu & servicesenter
Eining
Knarvik sjukeheim og Lindås bu- og servicesenter er Lindås kommune sine to sjukeheimar. Sjukeheimseininga består av fire sjukeheimsavdelingar og sentralkjøkken. Kvar avdeling vert leia av avdelingsleiar. Sjukeheimstenesta tilbyr:
- korttidsplassar
- korttidsplassar med rehabilitering og avlastning
- somatiske langtidsplassar
- langtidsplassar tilpassa personar med demenssjukdom og psykogeria
Lindås Bu og Servicesenter er ein langtidsavdeling med 16 somatiske plassar og 8 plassar tilpassa demente.
I sjukeheimseininga er det ledig 100% stilling som sjukepleiar i turnus med arbeid kvar 3. helg, fortida ved Lindås
Bu & Servicesenter. Dersom internt opprykk kan det verte ledig anna stilling.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar arbeider du sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling.
Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og
pleie. Du inngår i eit tverrfagleg team som kan bestå av sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege
med fleir.
Kompetansekrav
Autorisasjon som sjukepleiar. Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Humor og humør
Søknad
Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. For å løyse og utvikle alle oppgåvene våre, treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at jobben dei gjer for kommunen er meiningsfylt og ein viktig del av samfunnsoppdraget.Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.