Badevakt i 12 % stilling
Symjehallen på Gol samlar folk frå heile Hallingdal. Vi har ca. 3500 besøkande på ein sesong. Dei besøkande er
familiar, mosjonistar og bebuarar på asylmottak. Bassenget er 25 x 12,5 m m/stupepallar, 5 banar og 2 badstover. Det er alltid to badevakter til stades når symjehallen er open.
Arbeidsoppgåver:
- Billettsal
- Badevakt i symjehallen
- Tilsyn med garderobar dusj og badstove
Vi søkjer:
- Deg som er ein dyktig symjar. Dersom du ikkje allereie har opplæring i livredning vil det bli gitt.
- Du må helst være fylt 17 år
- Du må snakke norsk
Arbeidstid:
- Arbeidstida er tysdagar og torsdagar kl. 17.00 - 21.00
- I perioden oktober - april vil det også vera laurdagsvakter (kl. 11 - 15)
- Bassenget er stengt om sommaren
- Symjehallen har tre badevaktar tilsett, og det blir sett opp ein arbeidsplan over kven som jobbar når
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg
inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden
ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til
registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store
bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som
du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg
lønsslipp.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol kommune er ein kommune med ca. 4 700 innbyggjarar. Kommunen er eit viktig kommunikasjonsmessig knutepunkt, med eit allsidig næringsliv, særleg innan reiseliv, handel og jordbruk. Kommunen kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, og er ein populær handleplass med mange og varierte butikkar.Kommunen har god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.