Bibliotekar
Stillingsannonsen er inaktiv.Askøy vidaregåande skule ASK - Fagstab, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Askøy vidaregående skule har om lag 520 elevar, og 90 tilsette. Skulen ligg i Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen.
Askøy vidaregåande skule har desse utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og studiespesialisering. I tillegg tilbyr skulen påbygging til generell studiekompetanse.
Skulen skal i perioden 2021-2024 utvidast og byggjast om, slik at vi skal kunne ta i mot nær 1000 elevar.
Vi søkjer etter ein engasjert, kreativ og fleksibel bibliotekar til å drifte skulebiblioteket på Askøy videregående skole, og som kan sjå arbeidet i ein større samanheng som del av den samla elevtenesta ved skulen.
Du må trivast saman med ungdom, og vere fleksibel med tanke på oppgåver. For den rette søkjaren vil det vere gode mogleheiter til å forme si eiga rolle.
Arbeidsoppgåver
Bibliotekaren har ei viktig rolle i arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø, og er difor ein del av elevtenesta saman med m.a. rådgivarar og miljøarbeidar. Skulebiblioteket på Askøy vgs. skal vere ein attraktiv stad å vere for elevane, der dei kan arbeide sjølvstendig, slappe av eller oppleve noko anna enn det dei gjer i klasserommet.
Bibliotekaren har ansvar for den daglege drifta av skulebiblioteket, m.a. innkjøp av læremiddel (digitale og papirbaserte) og administrasjon av skulen si boksamling. Drifta skal fremje allmenn danning og kulturforståing, og den skal fremje den pedagogiske bruken av biblioteket. Utvikling og drift av biblioteket sine digitale tenester er ein naturleg del av dette.
Stillinga blir og knytt til opplæring i fag. Bibliotekaren skal bidra i arbeidet med å gi elevane auka leseglede og lesekompetanse, drive aktiv formidling av litteratur, både mot elever og lærere, og drive opplæring av elevar i digital kunnskap/rettleiing i kildebruk/-søk. Oppgåver knytt til opplæring og integrering av minoritetsspråklige elevar vil kunne vere aktuelt.
Ansvar for oppdatering av skulen si heimeside, infoskjermar og sosiale medier vil truleg bli lagt til stillinga. Det vil vidare vere naturleg at bibliotekaren har ei rolle, både administrativt og praktisk, med å planlegge, invitere og gjennomføre ulike aktivitetar og arrangement for skulen sine elevar og tilsette,
Kvalifikasjonar
Utdanning som bibliotekar og relevant arbeidserfaring er ønskjeleg. Utdanning innafor litteraturformidling vil vere ein føremon. Søkjar bør ha god språkleg framstillingsevne, og kjennskap til administrative/digitale verktøy som er aktuelle i eit bibliotek.Personlege eigenskapar
Engasjert og samarbeidsorientert, med interesse for ungdom og eit grunnleggjande positivt elevsyn med blikk for den einskilde elev.
Sjølvstendig, fleksibel og kreativ, med vilje til å utvikle biblioteket som ein sentral del av skulen sitt samla tilbod til elevane.
Strukturert og tålmodig, med evne til å halde oversikt i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
Skulen er i ein byggjeprosess, og biblioteket skal flytte inn i eit nytt bygg hausten 2023. Bibliotekaren får gode moglegheiter til å medverke i utviklinga av skulebibloteket og plassen dette skal ha i den nye skulen.
Skulen har eit godt kollegium, der samarbeid rundt eleven er viktig. Det er tradisjon for at bibliotekaren er ein naturleg part i det faglege og sosiale arbeidet saman med lærarar, miljøarbeidarar, administrasjon og andre ved skulen.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Kontaktinformasjon
Berit Karin Øydvin Nilssen, ass. rektor , 41315749Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4470870204
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.02.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Askøy vidaregåande skule ASK - Fagstab, Vestland fylkeskommune
Adresse
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om stillingen
Stillingstittel
Bibliotekar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 2. februar 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: f48f4d0c5b1340c38095797ed53cdcaf
Stillingsnummer: 8593b013-964b-457d-a347-9bc42510669a