Lærarstillingar i Vindafjordskulen frå hausten 2020
Me søkjer:
Lærarar til barne- og ungdomsskulane i Vindafjord kommune med oppstart hausten 2020.
Om oss og stillingane:
Vindafjord kommune har 9 skular. Ved fleire av skulane i Vindafjord vil det frå 01.08.2020 vera ledige stillingar som lærarar, både faste og vikariat i ulike stillingsprosentar.
Vindafjord kommune søkjer gode klasseleiarar med grunnskulelærarutdanning. I søknaden ønskjer me at du skriv om kva fag som ligg i di utdanning, og at tilleggsutdanning blir spesifisert med fag og studiepoeng. Dersom du ønskjer, går det an å prioritera kva skule du har som førsteval osb. Les meir om skulane på www.vindafjord.kommune.no/vindafjordskulen.
Kvalifikasjoner
Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen.
Andre opplysninger
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Me kan tilby
- Eigen mentor til nyutdanna lærerar
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Kontaktopplysning til skulane:
Ølen skule: tlf. 53655782
Sandeid skule: tlf. 53655802
Vikedal skule: tlf. 53655812
Vågen skule: tlf. 53655770
Bjoa skule: tlf. 53655720
Vik skule: tlf. 53655730
Skjold skule: tlf. 53655742
Vats skule: tlf. 53655760
Imsland skule: tlf. 53655830
Om bedriften
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær,Etne, Sveio, Suldalog Sauda. Vindafjord har 9 bygder med 8.900 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil fråHaugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjonom å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje bådemotSunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eitallsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.