Underdirektør i Legemiddelseksjonen i Spesialisthelsetenesteavdelinga
Om avdelinga og seksjonen
Spesialisthelsetenesteavdelinga har ansvar for å vidareutvikle spesialisthelsetenesta og legemiddelpolitikken, med særleg merksemd på kvalitet og tilgjenge, og på følgjene av den demografiske og den medisinske utviklinga i samfunnet. Legemiddelseksjonen har ansvaret for arbeid med mål og verkemiddel for legemiddel og medisinsk utstyr. Dette følgjer vi m.a. opp gjennom regelverksarbeid, økonomiske verkemiddel, dei årlege budsjettprosessane og etatsstyringa av Statens legemiddelverk.
Om stillinga
Legemiddelmarknaden er i stor grad regulert gjennom lover og forskrifter, men dei faglege og økonomiske rammevilkåra er òg sentrale. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytte til dei juridiske verkemidla. Du får varierte arbeidsoppgåver, både sakshandsaming og utgreiingsoppgåver. Du blir fast vara for avdelingsdirektør. Vi søkjer etter deg som trivst med faglege utfordringar og tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg støttespelar for leiar og medarbeidarar i seksjonen.
- Bidra til god forvalting, politikkutforming og gjennomføring av oppgåver innanfor breidda av ansvarsområda i seksjonen.
- Bidra til at drifts- og utviklingsoppgåvene i seksjonen blir løyste på ein god måte.
- Bidra til intern koordinering og samarbeid innanfor ansvarsområda i seksjonen.
- Ta initiativ, identifisere utfordringar og arbeide sjølvstendig med oppgåver innanfor utvalde fagområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar:
- Mastergrad innan rettsvitskap.
- Minst 8 år relevant yrkeserfaring, helst frå offentleg sektor og gjerne departement.
- God kunnskap om offentleg forvalting.
- God kjennskap til regelverket på ansvarsområda i seksjonen.
- Erfaring frå internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid.
- God digital kompetanse.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Personlege egenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til relasjonsbygging.
- Leveringsfør, fleksibel og strukturert person.
- Evne til strategisk tenking.
- God vurderingsevne.
- Evne til raskt å setje deg inn i saksområde og arbeide under tidspress.
- Du må vere trygg i rolla som vara for leiarar.
- Er ein raus og omgjengeleg person.
- Evne til å ta initiativ.
Vi legg vekt på at du høver som person.
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling.
- Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver.
- Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer.
- Vi har 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar.
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn:
Løn: Kr 760 000 – 840 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med:
Avdelingsdirektør Jan Berg
Telefon: 22 24 87 67 eller 92480584
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Om bedriften
Om Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har 220 tilsette.
Les meir om oss på regjeringa.no.