Miljøterapeut ved Psykisk helse og rus - Krisesenter
Det blir ledig eit vikariat som miljøterapeut i 86% stilling ved Hallingdal krisesenter frå 01.01.20 - 01.11.20.
Frå 01.01.2020 blir Hallingdal krisesenter og Psykisk helse- og rus-teneste, Gol, slått saman, og den som blir tilsett blir ein del av heile denne tenesta og vil måtte kunne jobbe på tvers av tenesteområda.
Stillinga inngår i 6- vekers langturnus med kvilande nattevakt og ei langhelg frå fredag til måndag i denne perioden.
Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale tenester som politi, barnevern, NAV, helsestasjon, skule og barnehage og andre relevante samarbeidspartar.
Arbeidsoppgåver:
- Praktisk bistand i kvardagen til brukarar
- Kartlegging av behov for oppfølging og tenester
- Støttande samtaler med barn, unge og vaksne
- Legge til rette for eigenutvikling og mestring hos brukar
- Utstrekt tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester og heimkommune
- Veiledning innafor fagfeltet til andre
Kvalifikasjonar:
- Helse-eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning
- Sertifikat for bil
Vi ynskjer at:
- Du har erfaring frå relevant arbeid
- Du har gode verktøy for å utføre arbeidet
- Du har familieperspektivet i arbeidet
- Kan kommunisere godt på norsk og engelsk
Vi søkjer:
Ein medarbeidar som er
- Engasjert og har pågangsmot
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Fleksibel
- God til å samarbeide og kan jobbe i team
- Er kontaktskapande og kan kommunisere med barn, ungdom og vaksne
Vi tilbyr:
- Spennande og meiningsfulle oppgåver
- Eit godt fagleg arbeidsmiljø
- Ei teneste som er i utvikling og under omorganisering
For stillinga gjeld:
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Tenestepensjon
Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Anna:
Det vil bli kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.
Søkjarar som er tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på den e-posten som vi bruker for å sende deg lønsslipp.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Om bedriften
Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.