Sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med 70 % driftsavtale
Org. nr: - Stillingsident: 4379454441 Presentasjon av stillingen:
Tysnes kommune lyser ut eit ledig driftstilskot frå 1.6.2021.
Tysnes kommune har 1,5 årsverk kommunal fysioterapeut og til saman 1,9 årsverk gjennom privat driftstilskot fysioterapi, fordelt på 3 fysioterapeutar. Det er eit etablert samarbeid mellom alle desse gjennom eit samarbeidsutval for fysioterapitenesta.
Tysnes kommune har ledig avtale om driftstilskot for privatpaktiserande fysioterapeut med kompetanse innan fysioterapi for eldre og andre aldersgrupper, allmenn fysioterapi og psykomotorisk fysioterapi. Avtalen er individuell og er på 70 %, 25 t/v (ordinær arbeidstid for fysioterapeutar 36 t/v i full stilling).
Avtaleheimelen er knytt til Tysnes Fysioterapi, Teiglandsvegen 3, 5680 Tysnes.
Heimeside: www.tysnesfysioterapi.no el. Tysnes Fysioterapi på Facebook.
Klinikken har eit godt pasientgrunnlag, og innehar eigne skjerma treningslokalitetar. Klinikken Tysnes Fysioterapi utgjer ein vesentleg del av det samla tenestetilbodet i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Avtaleheimelen er knytt til allmenn fysioterapi. Avtaleheimelen er regulert av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyd.
- Fysioterapiverksemda skal ha eit åpent behandlingstilbod til befolkninga i og utanfor instituttet. Praksisen skal drivast i henhold til relevant lovgjeving, kommunen sine planar og den individuelle avtalen som vert inngått mellom fysioterapeuten og kommunen.
- Fysioterapeuten skal driva kunnskapsbasert fysioterapi.
- Behandling av pasientar i alle aldersgrupper
- Føreta vurderingar/rehabilitering/trening/behandling
- Aktivt utfordre pasientar som har høve til å ta ansvar og delta aktivt i sitt rehabiliteringsforløp.
- Innrapportering av behandlingsstatistikk ut i frå dei til ei kvar tid gjeldande avtalar med kommunen.
Kvalifikasjonar
- Norsk offentleg autorisasjon som fysioterapeut
- Påbegynt eller fullført master i klinisk fysioterapi, psykiske og psykosomatiske helseproblem er ei føremon
- Allsidig erfaring innan allmenn fysioterapi til alle aldre, inklusive eldre
- Interesse for, og erfaring frå aktiv tilnærming til habilitering-rehabilitering
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og privat praksis
- Gode kommunikasjonsevner og evne til formidling av komplekse fagtema
- Førarkort kl.B og høve til å disponere eigen bil
Gyldig politiattest må framleggast ved tildeling, jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein fysioterapeut som er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vedkomande må vere motivert og engasjert, og ha evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk. Det er ønskje om ein fysioterapeut som har vilje og evne til å bidra til fagleg utvikling av fysioterapitenesta i kommunen.
Personlege eigenskapar vert tilltagt stor vekt.
Me tilbyr
- Fysioterapeut med avtale om tilskot er sjølvstendig næringsdrivande
- Avtale om tilskot vert regulert etter til ei kvar tid gjeldande ASA 4313, og forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale
- Utlyste avtalar om tilskot vert tildelt av kommunen som enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 (1) b), jf. vilkåra i ASA 4313
- Driftstilskot er ledig frå 01.06.2021
Kontaktinformasjon
Hildur Heie, Kommunalsjef helse- og sosial, 97657601
Ingunn Langlo Tho, Fysioterapeut m/driftstilskot, 468 27 643
Arbeidsstad
Hegglandsvegen 21
5680 Tysnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4379454441
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 18.05.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.