Barnevernskonsulent - vikariat i 100 % stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4243272834 Presentasjon av stillingen:
Barneverntenesta i Giske kommune er organisert i eining for barn, familie og helse. Andre tenester i eininga er helsestasjonen, PPT, legetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, kommunepsykologen og psykisk helseteam for barn og unge, samt tildelingskontoret. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenestene i eininga og elles i kommuna, med fokus på barnets beste og tidleg innsats. Barneverntenesta har kontor på rådhuset på Valderøya med for tida gratis parkering og 10 minutt med bil frå Ålesund.
Barneverntenesta i Giske har 7 tilsette, der avdelingsleiar er næraste overordna og barnevernleiar i kommuna. Vi har eit høgt fagleg fokus og majoriteten av dei tilsette i tenesta har gjennomført sertifisering i foreldrerettleiingsprogramma COS-P og ICDP. Ein legg elles godt til rette for etter- og vidareutdanning samt anna relevant kompetanseutvikling. Giske kommune deltek i det interkommunale samarbeidet Barnevernvakta for Sunnmøre.
Er du ein person som likar utfordringar, er strukturert, målretta og god på samarbeid? Kanskje er du på utkikk etter ein krevjande, men spanande og lærerik arbeidskvardag? Vi har eit ledig vikariat frå snarast t.o.m. 30.06.21, med moglegheit for forlenging.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med saker etter lov om barnevernstenester, t.d. mottak av meldingar, undersøkingssaker, førebyggjande barnevernstiltak og førebuing av fylkesnemndsaker. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.
- Rettleie foreldre, med særleg fokus på å styrke foreldredugleik, styrke samspel og betre kommunikasjon i familiar
- Samtale med barn, ungdom og foreldre
- Samarbeid med instansar rundt barna og familiane.
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, helst barnevernspedagog eller sosionom. Andre med relvant høgskuleutdanning kan også søkje.
- Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid er ønskjeleg.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Det er ønskjeleg med tverrkulturell kompetanse
- Relevant vidareutdanning er også ønskjeleg
- Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP
Personlege eigenskapar
- Du er kreativ og utviklingsorientert
- Du er engasjert, fagleg trygg, tydelig, fleksibel og løysingsorientert
- Har god arbeidskapasitet, arbeider strukturert og målretta
- Interesse for og ønskje om tverrfagleg samarbeid
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og saman med andre
- God på kommunikasjon og samhandling
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing på kommunale vilkår med konkurransedyktig løn.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Jønland Strand, Avdelingsleiar, 92617088
Gretha Giske, einingsleiar, 97028234
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4243272834
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2021
Søknadsfrist: 15.06.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.