Undervisningsstilling - 100 % vikariat - Fiksdal skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Vestnes kommune
Fiksdal oppvekstsenter, skule
Stillingstype
Det er ledig inntil 100 % undervisningsstilling ved Fiksdal Oppvekstsenter som faglærar skuleåret 2019/2020. Stillinga er ledig med atterhald knytt til ev. strukturendring og endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- sjå elevane si deltaking i sosiale og kulturelle aktivitetar som del av læringsmiljøet
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
Kvalifikasjonar
- du må ha undervisningskompetanse i matematikk og/eller engelsk for elevar frå 5.- 7.klasse.
- ha pedagogisk utdanning for stillinga
- andre fagområde kan også vere aktuelle, då spesielt naturfag og erfaring frå uteskule.
- kunne bruke IKT som ein naturleg del av undervisninga
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing og er god på kommunikasjon
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen for elevane
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har gode samarbeidsevner
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med fagkompetanse som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
- kommunen er IA-verksemd og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot.
Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vestnes kommune
Adresse
Fiksdalsvegen 27, 6394 Fiksdal
Fiksdal oppvekstsenter er ein kombinasjon av barneskule, SFO og barnehage. Oppvekstsenteret har om lag 60 barn og er omgitt av eit flott ute- og turområdet. På området finn du mellom anna kunstgrasbane, gapahuk, eldhus, ballbinge og flotte akebakkar. Fiksdal oppvekstsenter ligg like ved Fiksdal kyrkje.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 30. mars 2019
Hentet fra: Vestnes kommune
Referanse: vestnes.ror-ikt.no/recruitment/opening?0?425
Stillingsnummer: 846c8de9-cab9-49f1-a788-427318cb9f2b