Sommarvikarar 2019 -Valle Bygdeheim, open omsorg og habilitering - Pleie og omsorg
Presentasjon av stillinga:
Sommarvikarar 2019
Valle Bygdeheim, open omsorg, vaskeri og habilitering søkjer ferievikarar innan fylgjande
stillingsgrupper:
Sjukepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar, vaskeriassistent, pleieassistent, miljøarbeidar, kjøkkenassistent og heimehjelp.
Søkjarar til pleie- og omsorgsarbeid må ha fylt 18 år.
Ferien vert avvikla i tidsrommet medio juni til medio august. Ynskt stillingstype, avdeling,
stillingsstorleik og arbeidsperiode må oppgjevast i søknaden. Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha sertifikat for personbil. Dei som ynskjer arbeid som heimehjelp må disponere eigen bil.
Vi tilsett sommarvikarar fortløpande, og det vil sendas ut tilbod om sommarjobb før fristen er gått ut!
Kvalifikasjonar
- Du må ha gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg
- Søkjarar til open omsorg og habilitering må ha førarkort kl. B
- Fordel med erfaring frå helse/omsorg
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetting.
Personlege Eigenskapar
- Du er trygg, sjølvstendig og kunne takle ein ansvarsfull jobb
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
- Du samarbeider godt med andre
- Du er fleksibel
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
-
Eit godt arbeidsmiljø med givande arbeidsoppgåver og engasjera medarbeidarar
-
Løn iht. regulativ
-
Køyregodtgjering ytes etter off. regulativ
-
Løn tilsvarande 10 års ansiennitet med norsk autorisasjon som sjukepleiar
-
Det er gode lønsvilkår for sjukepleiarar under utdanning som vil ha sommarjobb i Valle
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. . Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregas av mangfold.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Solveig Birgitte Kyrvestad, leiar, (+47) 91247155
Arbeidsstad
Valle
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Valle kommune
Ref. nr.:4030249766
Sommerjobb
Søknadsfrist: 17.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030249766&company_id=3560125216&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/