Sjukepleiar/Helsefagarbeidar fast vikar
Kort om stillinga
Ved Vinjar bu- og omsorgssenter er det ledig 100 % fast stilling.
Stillinga er for tida i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til intervju.
Ved intern tilsetjing/omrokkering kan du få tilbod om annan stillingsstorleik.
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som er off. godtkjent sjukepleiar/helsefagarbeiar.
Språk
Søkjaren må beherska norsk skriftleg og munnleg.
Generelt
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde
Frå 01.01.17 skal alt perseonell som yter helse- og omsorgsstenester i Suldal Kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller er dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar. Visar til helse og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4a.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.