Sjukepleiar/vernepleiar 20/521
100 % stilling med arbeidstid turnus dag/aften og 3. kvar helg.
Ansvar- og myndighetsområde
- gi helse og omsorgstenester
- miljøarbeid
- dokumentasjon
- primær- og sekundærkontaktoppgåver
- veiledningsansvar
- kontakt med pårørande og andre samarbeidspartnarar
- tilretteleggja for brukarmedverknad
Krav til kompetanse
- sjukepleiar/vernepleiar
- gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- kunne bruke pc som arbeidsverktøy
Ønsket kompetanse
det er ein fordel om du har
- førarkort klasse B
- kunnskap om brukargruppa
- erfaring frå liknande arbeidsfelt
Me tilbyr
- lønn etter kvalifikasjonar
- relevant vidareutdanning kan gi høgare lønn
- arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
- høg fagleg kompetanse
- gode forsikring- og pensjonsordningar
- veiledning
- tverrfaglighet
Om bedriften
Miljøtenesta skal i november opne nytt bukollektiv for personar med utviklingshemming og aldring. I samband med dette søkjer me no sjukepleiar/vernepleiar i 100 % stilling til arbeid i dette bukollektivet. Me ønskjer tilsetja snarast råd og den som vert tilsett skal fram til nyopning arbeida i eit av dei andre butiltaka vår.
Dette butiltaket gir tenester til 7 personar der alle har døgnteneste. Dei som bur der nyttar dagtilbod som dagsenter, skule eller tilrettelagt arbeidsplass.
Brukarmedverknad står sentralt i tenestetilbodet, og satsingsområda er i tillegg til dette velferdsteknologi og samhandling.
Det kan til tider vera eit hektisk arbeidsmiljø, med mykje rom for fag og personleg utvikling.