Rådgjevar - Konsesjonskraft IKS
Org. nr: - Stillingsident: 4094307967 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du å delta i eit krafteventyr der det handlar om å skape verdifulle inntekter for kommunar og fylkeskommunen i Agder? Er du akrobaten som kan halde mange ballar i lufta? Likar du å styre administrative arbeidsprosessar og utvikle betre rutiner? Da er dette jobben for deg!
Konsesjonskraft IKS (KIKS) søker ein initiativrik og sjølvstendig rådgjevar. Vi ser etter deg som kan meistre ulike typar oppgåver og som syns det er spennande å lære og tilpasse seg varierte utfordringar i framtida. Saman med trivelege og dyktige kollegaer, og med stor oppgåvevariasjon, er dette ein jobb som gir spennande arbeidsdagar.
Hos KIKS vil du få ein unik sjanse til å bli kjent i eit stort nettverk av politiske og administrative leiarar i kommunar og i fylkeskommunen på Agder. Vårt arbeid inneber jamleg kontakt med fleire av dei større kraftselskapa i landet og sentrale styresmakter på området. Vi er også opptatt av å gjere KIKS godt kjent i lokalsamfunna på Agder, til dømes gjennom skuleverket.
KIKS er eit lite selskap der du vil få mangearta oppgåver innan kontor og administrasjon, informasjonsarbeid og ulike prosjekt. Læringsvilje og struktur er eigenskapar vi verdset høgt. Du vil få tilgong til intern og ekstern kompetanse som vil bidra til eiga fagleg og personleg utvikling. Du må gjerne vere nyutdanna eller meir erfaren, og med eit ønskje om å bu i naturskjønne Setesdal.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgaver
- Administrativ drift av kontoret; systematisering, rutinar, dokumentasjon, med meir
- Økonomirelaterte oppgåver; fakturering, kontroll av inngåande fakturaer, reiserekningar, med meir
- Arbeid med konsesjonar og uttakskontraktar
- Utarbeiding av marknadsrapportar, informasjonsskriv, halde presentasjonar for skular, kommunestyre
- Dialog og samarbeid med leiarar og nøkkelpersonar hos våre kommunar og fylkeskommune
- Styrking av vår eksterne kommunikasjon; vidareutvikling av heimeside og bruk av sosiale media
- Møtesekretær for styret og representantskapet
Kvalifikasjoner
- Gjerne utdanning på bachelor- eller masternivå, til dømes innan offentleg administrasjon, økonomi og administrasjon, kommunikasjon, jus, statsvitskap eller liknande
- Personlege eigenskapar blir lagt stor vekt på
Personlige egenskaper
- Du har profesjonell framferd med ønskje om å vidareutvikle deg sjølv og utgjere ein forskjell
- Du har gode presentasjonseigenskapar, og uttrykkjer deg velformulert i din kommunikasjon med andre
- Du er systematisk og velorganisert
- Du identifiserer deg med våre verdiar kvalitet, truverde og tryggleik
- Du har godt humør og løyser dei daglege utfordringane med eit smil
Vi tilbyr
- Eit meiningsfullt arbeid som betyr mykje for inntektene til våre deltakarkommunar
- Eit positivt og engasjerande arbeidsmiljø, som gir oss mykje arbeidsglede og inspirasjon!
- Eit godt nettverk gjennom spennande oppdrag og dialog ute i lokalsamfunnet
- Løn etter avtale, medlemsskap i KLP
Kontaktinformasjon
Glenn Qvam Håkonsen, Dagleg leiar Konsesjonskraft IKS, 906 88 997, gqh@konsesjonskraft.no
Anne Hilde Hals, Seniorrådgjevar Skagerak Consulting, 982 13 005, ahh@skc.no
Jan Inge Hiorth, Seniorrådgjevar Skagerak Consulting, 911 10 038, jih@skc.no
Arbeidssted
Kjellebergsvegen 1
4747 Valle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Skagerak Consulting AS
Referansenr.:4094307967
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 05.08.2019
Om bedriften
Konsesjonskraft IKS er eit interkommunalt selskap som forvaltar konsesjonskraftrettane og handlar med elektrisk kraft på vegne av 20 kommunar og begge fylkeskommunane på Agder. Konsesjonskraft IKS er tufta på kjerneverdiane truverde, kvalitet og tryggleik, har tre tilsette og omset årleg for meir enn 200 millionar kroner. KIKS skal vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane. KIKS tek ut konsesjonskraft frå 50 kraftverk i 11 vassdrag i Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder og Telemark. Konsesjonskraft IKS har kontor på kommunehuset i Valle.