Teammedarbeidar utviklingsteamet knytt til PP-tenesta, 100% fast stilling - 2. gongs utlysing - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommunen har ledig 100% fast stilling som medarbeidar i Utviklingsteamet knytt til PP-tenesta frå snarast.
Utviklingsteamet har 2 teammedarbeidarar.
Oppgåver knytt til utviklingsteamet:
- Arbeide med organisasjon, leiing, system og utvikling i skulane i kommunen.
- Bidra til å skape eit godt psykososialt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar i tråd med prinsippa om tidleg innsats, inkludering, og eit godt tilpassa pedagogisk tilbod.
- Bidra til tidleg innsats og inkludering ved å støtte skulane i å lage og sette i verk gode system for dette.
- Arbeide med både leiarnivå og heile organisasjonen for å sikra god praksis ved den einskilde skulen.
- Gje rettleiing til klassar som opplever læringsmiljøutfordringar.
- Samhandlingsproblematikk (systemnivå i individsaker).
- Hjelpa skulen til å leggja rammene best mogleg til rette for samarbeid mellom skule, heim og eventuelle andre hjelpeinstansar.
- Intensive tiltak sett inn av skuleeigar ved særleg urovekkande resultat på nasjonale prøvar og/ eller elevundersøkinga.
Utviklingsteam - struktur og rutinar
Utviklingsteamet si faste samansetjing er følgjande; Leiar for PP-tenesta, teammedarbeidarar frå PP-tenesta, rådgjevar for den aktuelle skulen frå PP-tenesta, skulefagleg rådgjevar.
Teamet arbeider no med skular, men kan og få oppgåver knytt til organisasjon og system i barnehagar.
Teammedarbeidar har ansvaret for den daglege drifta, og samarbeidet med skulane. Medarbeidarane deltek i samarbeidsfora med skulen 1 - 3 gongar per veke.
Leiar for PP-tenesta og teammedarbeidarar har jamnlege samarbeidsmøte.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter medarbeidar med kompetanse innan organisasjon og leiing, rådgjeving og spesialpedagogikk. Erfaring frå leiing og organisasjonsarbeid, gjerne frå skule, er ein fordel.
Personlege eigenskaper
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på:
- Personlege eigenskapar og erfaring
- Har stor interesse for læringsmiljø og klasseleiing
- Har gode samarbeidsevne, gode kommunikasjonsevner og er ein relasjonsbyggjar
- Finn motivasjon i å vere med på nybrottsarbeid
- Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert i endringsprosessar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar
- Erfaring frå arbeid med barn med behov for særskild tilpassing i skulen
- Kjennskap til og kompetanse på relevante verktøy for rettleiing.
- Fagleg oppdatert
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Kontaktperson
Sturla Helland, Einingsleiar, mobil: 97024320, sturla.helland@kvinnherad.kommune.no
Marianne L Bjørnebøle, Avdelingsleiar PP-tenesta, mobil: 90211091, marianne.bjornebole@kvinnherad.kommune.no
Søknadsfrist: 06.02.22
Om bedriften
Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling tiltak og ressurs og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.