Tannhelsesekretær (vikariat) DTK Kristiansund, Kristiansund kompetanseregion
Vi søker etter
Vi søker etter ein tannhelsesekretær i 100% vikariatstilling med arbeidsstad for tida distriktstannklinikken Kristiansund.
Vikariatet har i første omgang varigheit på eitt år.
Vi søker deg som
- har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær, men søkjarar utan autorisasjon kan bli vurdert til assistentstilling.
- god kommunikasjonsevne, god samarbeidsevne og høg produktivitet
- kan uttrykke deg flytande og lett forståeleg både munnleg og skriftleg på norsk/ skandinavisk
Vi tilbyr
- ein variert og spennande kvardag på ein arbeidsplass i utvikling
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- introduksjonsprogram
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- gunstige lånevikår (gjennom KLP)
- lønn etter tariff
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.
Når du har søkt på stillinga mottar du ei stadfesting på e-post. Sjekk søppelposten din viss du ikkje har fått den innan kort tid. Ta kontakt viss du ikkje får e-post frå oss.
Politiattest
Den som blir tilsatt må levere politiattest
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.