Sekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4187772922 Presentasjon av stillingen:
På Medisinsk Poliklinikk, fysioterapi og kontor har vi litt over 8 årsverk innan merkantilt, fordelt på fleire dyktige medarbeidarar. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø, der vi er avhengig av og set stor pris på alle våre tilsette. Arbeidet er variert og givande. Medisinsk Poliklinikken tilbyr tenester innanfor eit vidt medisinsk spekter med mange ulike fagområder, og merkantilt personale samarbeider tett med både legar og sjukepleiarar innan ulike fagområder.
Volda sjukehus er ein av dei største arbeidsplassane i Volda kommune saman med høgskulen. Det er korte avstandar til dei andre bygdene/byane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord og såleis har vi ein bu- og arbeidsmarknadsregion på om lag 65 000 innbyggjarar. Det er gode kommunikasjonar som t.d.
Ørsta/Volda Lufthamn med fleire daglege flysamband til Bergen og Oslo. Sjukehuset ligg også sentralt til i høve til Hjørundfjorden og dei ville, vakre Sunnmørsalpane. Området vårt ei godt eigna til fjord- og fisketurar og fjellturar gjennom heile året. Til dømes byr dei majestetiske Sunnmørsalpane på alt frå enkle ruter og oppmerkte stigar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar, og ikkje minst fantastisk toppturar på ski. På Søre Sunnmøre er det også eit særs blomstrande kulturliv.
Vi har vikariat 80 % stilling som sekretær ved Volda sjukehus, Medisinsk poliklinikk, fysioterapi og kontor, fom 02.03.20 tom 31.08.20.
Arbeidsoppgåver
- Bemanning av skranker på medisinsk poliklinikk, medisinsk sengepost og kreftpoliklinikk
- Ventelisteadministrering
- Arbeid med legeplanar
Kvalifikasjonar
- personlege eigenskapar vektleggjast
- kompetanse innan helsefag er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- serviceinnstilt
- positive haldningar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- engasjement og arbeidsglede
- trivast med ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt fagmiljø med trivelege kollegaer
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Samhandling med mange fagmiljø
- Spanande og variert arbeid
- Tilsettingsvilkår etter gjeldande retningsliner
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og
tjenestereiseforsikring. - Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Suzanne Aschehoug, Seksjonsleiar, 70058297, suzanne.aschehoug@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvn 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4187772922
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 02.03.2020
Sluttdato: 31.08.2020
Søknadsfrist: 19.02.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal