Sokneprest i Sogn prosti med sokna Hafslo, Solvorn og Fet&Joranger som tenestestad
Org. nr: - Stillingsident: 4289504227 Presentasjon av stillingen:
Det er for tida ledig stilling som sokneprest i Sogn prosti med sokna Hafslo, Solvorn og Fet&Joranger (i Luster kommune) som tenestestad.
Sogn prosti omfattar kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland.
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden/Lustrafjorden. Kommunen er vidstrekt med sine 2 706 km². Folketalet er 5176. Landskap og natur er variert, med fjell og fjord. Turismen er godt utbygd, og gjev stor tilstrøyming store delar av året.
Næraste tettstad er Sogndal, ca 10 min frå Hafslo sentrum. Sogndal har vidaregåande skule og Høgskule, i tillegg til å vera handelssentrum for regionen. Kommunesenteret Gaupne ligg ca 20 min unna. Luster har mange grendeskular (3 i Hafslo-området) og to ungdomsskular (1 på Hafslo).
Næringslivet er variert, med småindustri, turisme og landbruk som dei viktigaste. Mange har òg arbeid innanfor pleie og omsorg; dei 3 omsorgssentra er viktige på alle måtar (1 ligg på Hafslo)
Bygdene i Luster har djupe tradisjonar i kyrkje- og kristenliv. Til saman 12 kyrkjebygg og mange bedehus rundt om, vitnar om det. Frivillig misjonsarbeid og kyrkjeleg arbeid går mange stader hand i hand. Samstundes står kyrkja i seg sjølv framleis relativt sterkt. Floraen av kyrkjebygg gjev armslag for dei to prestane i kommunen. Til saman 8 sokn gjev sterk lokal forankring.
Hafslo sokn har kyrkje frå 1878 og bedehuskapellet Veitastrond (1935). Solvorn kyrkje er frå 1883 og i same soknet ligg òg Urnes stavkyrkje, som er den eldste i landet (ca 1130). Fet kyrkje (1894) og Joranger kyrkje frå 1620 (jubilèum i år, Korona-utsett til 2021), er preikestadene i Fet&Joranger sokn.
På Hafslo ligg òg leirstaden Lyngmo (eigd av SFj Misjonsamband og SFj Indremisjon); dette er ein viktig møteplass for born og unge i heile regionen, og ein god samarbeidspartnar for kyrkja.
Dei to sokneprestane i kommunen, samarbeider nært, og har felles kontorstad ved Luster kyrkjekontor. Dei andre kyrkjeleg tilsette, har alle 8 sokna som arbeidsområde: kyrkjeverje (100%), konsulent (50%), TOL-leiar (70 %), diakon (100%), organist (80%) og kyrkjemusikar (80%).
Gudstenestearbeidet står naturleg nok sentralt i prestetenesta. Konfirmantarbeidet vert leia av diakonen, men begge prestane er inne i undervisninga. Her er rikeleg høve til å bruka seg sjølv i forkynning og kyrkjelydsbygging.
I 2019 hadde Hafslo, Solvorn og Fet&Joranger 27 dåp, 25 konfirmantar, 41 gudstenester, 4 vigslar og 22 gravferder.
Prestetenesta i prostiet vert leia av prosten. Med jamne mellomrom samlar prosten dei 12 prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og kollegafellesskap.
Målforma er nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei nyttar begge målformene.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli
unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved
tilsetjing. Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar (tenesteveker) etter oppsett plan.
- Deltaking i konfirmantarbeid
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja.
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- God evne og vilje til samarbeid, både i stab, råd og i lokalsamfunnet.
- Glede i å forkynne og arbeide med gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Evne til å kommunisere med menneske i alle alder og i ulike livssituasjonar
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
Kontaktinformasjon
Geir Paulsen, Prost i Sogn prosti, 90108179
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, 996 25 480
Arbeidssted
Rådhusvegen 5
6868 Gaupne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Den norske kirke
Referansenr.:4289504227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2020