Seniorrådgjevar
Jobbnorge ID: 190563
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utdanningskvalitet har ledig en fast stilling i 100 % som seniorrådgjevar
Avdeling for utdanningskvalitet har ledig fast stilling som seniorrådgjevar. Stillinga vil vere ein del av eining for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse, som ligg under prorektor for utdanning sitt ansvarsområde. Eininga har mellom anna ansvar for utvikling og vedlikehald av system for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane, utvikling av studieportefølje, akkreditering og periodisk evaluering av studieprogram, kvalitet i studie- og emneplanar, årsrapport, studiebarometeret, Sei i frå, forvaltning av relevante lover og forskrifter og er sekretariatfunksjon for utdanningsutvalet, klagenemnda og skikkanmenda.
Arbeidsstad vil vere campus Bergen, Stord, Sogndal, Førde eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Utgreiing, analyse og utviklingsoppgåver knytt til kvalitetsutvikling og system for kvalitetsarbeid
- Deltaking og leiing av utviklingsprosessar
- Overordna ansvar for det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til kvalitetsutvikling av utdanningane ved HVL
- Sakshandsaming knytt til råd og utval
- Samarbeid og dialog med ulike aktørar og formidle kunnskap og resultat frå avdelinga
Kvalifikasjonskrav:
- Høgare utdanning på mastergradsnivå med relevant praksis
- Kompetanse på og erfaring frå statistisk analyse og samfunnsvitskapleg metode
- Kjennskap til og erfaring frå utgreiingsarbeid, analyse og prosjektarbeid innan utdanning og utdanningskvalitet
- God kjennskap til utdanningssektoren
- God kjennskap til Tableau er eit fortrinn
- Kjennskap til lov- og avtaleverk i offentleg sektor
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig, strukturert og med god gjennomføringsevne
- Nøyaktig, engasjert og løysingsorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Generell informasjon:
Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar Solfrid Kjoberg, tlf. 57 67 62 04 eller per e-post Solfrid.Kjoberg@hvl.no
Samspel, berekraft og nyskaping
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.