Teamkoordinator og prosjektleiar 100% fast stilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Eining Barn og familie - Tiltaksteamet i Tiltak og Ressursavdelinga har ledig ei 100% fast stilling som teamkoordinator og prosjektleiar frå 1. september.
Tiltaksteamet har ansvar for iverksetting av ulike tiltak, gjort etter både lov om barnevernstenester og lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Teamet er i tett samhandling med Barnevernet, Helsestasjon og PPT i Eining Barn og familie. I tilvisingar og oppdrag til tiltaksteamet inngår miljøterapeutiske oppdrag slik som samvær, tilsyn eller rettleiing i heim - ofte i samarbeid med familieteamet. Tiltaksteamet gjennomfører naudsynte kartleggingar som grunnlag for barneverntenesta si godkjenning av fosterheimar. Tiltaksteamet rekrutterer, og sett i gong støttekontaktar og besøksheimar eller avlastingstenester for familiar. Teamet har ansvar for å sikre at born i fosterheimar har tilsynsførarar, og gir rettleiing og oppfølging til desse. Teamet har og koordinerande oppgåver for klientar med samansette behov.
Koordinator vil ha eit ansvar for å fordele oppdrag, følgje opp framgang i sakane, sikre god samhandling med andre hjelpetenester og heim der det er naturleg og naudsynt. Koordinator har ansvar for at samhandling og rapportering skjer i tråd med etablerte rutinar. Koordinator vil og gå direkte inn i miljøterapeutiske oppdrag, oppfølging og rettleiing der det er behov.
Eining Barn og familie har motteke midlar for fem år som skal nyttast til vidareutvikling av kommunen sine tilbod til barn, unge og deira familiar. I dette inngår både det førebyggande tilbodet og dei vedtaksbaserte tenestane kommunen har ansvar for å tilby innbyggarane våre. Vidareutvikling av støttetilbodet til familiar med samansette behov er ein viktig del av prosjektet. Ein reknar at 30% av stillinga vil være å leie prosjektet i prosjektperioden. Arbeidet vil skje i tett samarbeid med ei prosjektgruppe.
Oppmøtestad er Husnes Tenestesenter - Aksen.
Kvalifikasjonar
3-årig utdanning på høgskulenivå innanfor helse, sosialfag og/eller pedagogikk.
Personlege eigenskaper
Vi vektlegg at du er personleg egna til stillinga. I det legg vi at du er/har
- initiativrik, sjølvstendig, løysingsorinetert og fleksibel
- god samarbeidsevne
- god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- god kompetanse på digitale verktøy
- effektiv og handterer høgt arbeidspress i periodar
- likar å jobbe systematisk og målretta
- vi vektlegg erfaring frå arbeid retta mot barn, unge og deira familiar
Søkjar må ha førarkort, klasse B.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Ein må pårekna noko ettermiddags og helgejobbing basert på behov og i tråd med AML.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.