Vil du bli helsefagarbeidarlærling hos oss?
Org.nr.:864968422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi gler oss til å ta i mot 2 nye lærlingar som helsefagarbeidarar frå august 2020. Vi har eit godt organisert program for våre lærlingar, og har fokus på å leggje til rette for ei god læretid og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i helse og omsorg, i tillegg til oppfølging frå instruktørar i dei ulike einingane.
Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga hos oss, håper vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegging og oppfølging av tenester til brukarar
- Tverrfagleg samarbeid og samhandling med pårørande
- Målretta miljøarbeid
- Føring og bruk av opplæringslogg
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 må leggast fram før signering av lærekontrakt
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Positive haldningar og gode samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Varierte praksisperiodar i heimetenestene, ved Fjaler sjukeheim, og i miljøtenesta
- God oppfølging av dyktige instruktørar, rettleiarar og leiarar med fagleg/pedagogisk bakgrunn
- Spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid og hyggelege kollegaer
- Lærekontrakt og opplæringskontrakt
- Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling i 2 år
- Løn under utdanning
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Hanne Ulvatne Igelkjøn, Tlf: +47 57738125 , Epost: hanne.igelkjon@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Fjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500.
Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod.
UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.