Miljøarbeidarar
Habiliteringstenesta
Kyrkjevegen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Har du erfaring frå habilitering, og trivst med ein aktiv og variert arbeidskvardag? Då ynskjer me at du søkjer stilling hos oss!
Haugen/Askebærhaugen har ledig ei 80% fast stilling som miljøarbeidar i årsturnus med langvakter og arbeid kvar 3. helg. I tillegg er det ledig to faste helgestillingar som miljøarbeidar med langvakter kvar 3. helg.
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gjev tilbod til personar med utviklingshemming som har behov for omfattande og langvarige tenester. Me har for tida 126 årsverk som yt heildøgnstenester til personar i 10 burettslag, samt dagtilbod. Me søkjer positive og fleksible medarbeidarar.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Utføra tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
- Yta praktisk bistand til rettleiing i dei daglege gjeremåla, samt leggja til rette for god omsorg og utvikling for den einskilde brukar.
- Journalføring og arbeid opp mot gjeldande loverk.
- Bidra til utvikling av tilbodet i form av planlegging og utføring av nye aktivitetar.
- Stillinga rapportera til avdelingsleiar.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse- og sosialfag. Søkjarar utan formell utdanning kan bli vurdert, der relevant erfaring/praksis vert vektlagt.
- Erfaring med målretta miljøarbeid og personar med utviklingshemming vert sett på som ein styrke.
- Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 er ein fordel.
Kvalifikasjonskrav:
- Sertifikat kl. B.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Norskferdigheiter på nivå B2 i samsvar med nasjonal norskprøve for universitet- og høgskuleutdanna.
Etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er samarbeidsorientert, med gode relasjons- og kommunikasjonsevner.
- Du jobbar sjølvstendig og målretta, og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø.
- Du tek initiativ, er kreativ og har god fysisk kapasitet.
- Du ser løysingar, kan handtere utfordrande situasjonar og uforutsette hendingar med tryggleik og tilpassingsevne.
- Du trivst med varierte oppgåver, høg aktivitet og jobbar resultatorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Anna informasjon
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
- Vi gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvara med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.
Kontaktinformasjon
Sandra Hastrup Thorsheim, Avdelingsleiar, 45970897, thorsheim@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5038678320
Stillingsprosent: 80,28%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
831301af-39ee-4b35-9f2f-d0d4f612905b
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
388bccd252be418cbef179d547fd4590
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aktivitetstunet
Sted
Bremnes
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Habiliteringstenesta
Sted
Bremnes
Vikar for lærarar og miljøarbeidarar i Bømlo skulen
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes