Dagleg leiar SFO - vikariat ved Rosseland skule
Me søkjer
Rosseland skule treng ein dyktig vikar for dagleg leiar i SFO, som skal ut i permisjon i oktober. Stillinga er delt i om lag 50% leiing og 50% arbeid på avdeling.
Me håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt på Rosseland skule.
Rosseland skule er den største skulen i kommunen med 570 elevar frå 1. - 7. trinn hausten 2019. Skulen er i vekst, og det er om lag 80 tilsette totalt i skule og SFO. 150 elevar går på SFO.
Det er 15 personar som arbeider på SFO.
I Time kommune har kvar SFO utarbeidd ein kvalitetsplan. Denne planen er SFO sitt overordna styringsdokument. Fokusområda til Rosseland skule SFO er mat og helse, fysisk aktivitet og sosial kompetanse og kreativitet.
Du kan lesa meir om skulen på www.minskole.no/rosseland
Skulen ligg sentralt plassert i Bryne med kort avstand til jernbane og andre kommunikasjonsmiddel. Me kan tilby eit flott skulebygg, som er godt utstyrt - og me har eit godt arbeidsmiljø.
Skulen er ein del av "Jærskulen". Rosseland har partnarskapsavtale for praksisopplæring av lærarstudentar ved UIS i perioden 2018-2022.
Arbeidsoppgåver;
- Ha fagleg og praktisk ansvar for den daglege drifta av skulefritidsordninga
- Personal og økonomiansvar for SFO, i samarbeid med rektor
- Førebu og leia personalmøte og avdelingsleiarmøte
- Arbeid på avdeling
- Vera ein pådrivar i forhold til pedagogisk utvikling av SFO
- Samarbeida med skulen si leiing
- Ha kontakt med foreldre og føresette
Me søkjer etter ein dagleg leiar som;
- Har pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet. Søkarar med anna høgskuleutdanning, eller relevant jobberfaring kan òg verta vurdert
- Har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Har leiarerfaring
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Er løysingsorientert og målretta
- Har god digital kompetanse
- Er sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysingsorientert
- Har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Trivst på ein humørfylt, hektisk og utfordrande arbeidsplass
Me tilbyr
Me tilbyr:
- Lønn etter kvalifikasjonar
- Eit kollegium som er opptekne av å finna løysingar saman
- Eit kollegium med god trivsel og mykje humor
- Eit kollegium med eit mangfald når det gjeld alder og kjønn
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål. Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Andre krav
Det er krav om politiattest for tilsetjing
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har 18 500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.