Helsesjukepleiar 40 %
Ved eining Helse- og rehabilitering, Helsestasjon- og skulehelsetenesten, har me ledig 40% vikariat som helsesjukepleiar, i perioden 01.01.23 – 30.06.25.
Arbeidsoppgåver
Den som blir tilsett vil i hovudsak ivareta oppgåver innan skulehelseteneste, men ein må og pårekna andre arbeidsoppgåver som ligg til Helsestasjon- og skulehelsetenesten.
Kvalifikasjonar
- Er autorisert sjukepleiar
- Har vidareutdanning som helsesjukepleiar
- Kan disponera eigen bil i arbeidet
- Har gode relasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Personleg dugleik blir tillagt stor vekt
- Løn etter tariff
- God pensjonsordning
- Eit hektisk og godt arbeidsmiljø
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.