Anestesisjukepleiar kombistilling - AAM FSS anestesi
Org. nr: - Stillingsident: 4087440694 Presentasjon av stillinga:
Anestesiavdelinga FSS søkjer anestesisjukepleiar i 100% fast stilling.
Stillinga er ei kombistilling, med 75% stilling på anestesiavdelinga og 25% på intensiv.
For stillinga er det ynskjeleg med oppstart 19.08.2019
Stillingsprosenten på Intensiv inneber jobbing 3. kvar helg.
Stillinga på anestesiavdelinga foregår mest på dagtid, men med kveldsvakter og nattevakter innimellom.
Arbeidsoppgåver
- Anestesi: Gjennomføre anestesioppgåver i tråd med Norsk Standard for anestesi og avdelinga sine rutiner
- Avdelinga yter tenester både til dagkirurgi og inneliggande pasientar. Vi har også eindel Utpost-aktivitet og deltek i diverse akutteam internt på sjukehuset
- Intensiv: Arbeidsoppgåvene er knytta til både oppvåkning og til akutt og kritisk sjuke pasientar. Opplæring vil bli gitt, arbeidsoppgåver vil bli gitt i tråd med auka kompetanse
Kvalifikasjonar
- Må vere godkjend anestesisjukepleiar
- Oppdatert yrkeserfaring fra anestesiavdeling er ein fordel
- Det er ein fordel om søkjar kjenner seg trygg på bruk av elektroniske dataverktøy
Utdanningsretning
- Sykepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
- Videreutdanning / Tilleggsutdanning etter annen oppnådd grad
Personlege Eigenskapar
- Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Du er konstruktiv og løysingsorientert
- Du er tilpasningsdyktig
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst med å jobbe i team
- Du har gode kommunikasjonseevner
- Personlig egnethet vil bli vektlagt
Språk
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Anne Margrethe Frimannslund, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 071
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4087440694
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Startdato: 19.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 04.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4087440694&company_id=5783060701&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.