Lærarstilling i vaksenopplæringa
Tokke kommune har ledig lærarstilling i vaksenopplæringa, vikariat opp til 100%, frå 01.09.22 til 31.07.23.
Tokke vaksenopplæring søkjer etter lærar. Hovudoppgåver vil vere undervisning, utarbeiding og oppfølging av individuell opplæringsplan, og tett samarbeid med andre lærerar på vaksenopplæringa.
Fagynskje:
Godkjent lærarutdanning eller erfaring med undervisning av vaksne.
Vidare er det ynskjeleg med kompetanse/erfaring innan: norsk som andrespråk og andrespråkspedagogikk.
Andre med aktuell yrkeskompetanse og erfaring kan også søkje.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med Tone Lunde Skaalen, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 97171406
Me kan tilby:
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp til å skaffe husvære
- Skulle det bli fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadskjema.
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg midt i Vest – Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturkvalitetar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, samt eit spennande næringsliv.
Tokke har totalt 2220 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Lågaste terrengpunktet er Bandak på 72 m.o.h. og høgste er Kvannfjølli på 1537,5 m.o.h.
Kommunesenteret Dalen med 900 innbyggjarar, ligg sentralt i kommunen, - i enden av Bandak og Telemarkskanalen. Dalen er eit regionalt viktig senter med kompetansearbeidsplassar, industri, reiseliv og handel. Prisbelønte og ærverdige Dalen hotel, Vest – Telemark Vidaregåande skule, Statkraft regionkontor, NAV Vest – Telemark, Vest – Telemark kraftlag, Vest – Telemark Museum, Dalen Mekaniske AS og Bruvoll Marel AS, er døme på store arbeidsplassar i kommunen vår.
Vintersportstaden og veg-knutepunktet ved E134Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg midt i Vest – Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturkvalitetar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, samt eit spennande næringsliv.
Tokke har totalt 2220 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Lågaste terrengpunktet er Bandak på 72 m.o.h. og høgste er Kvannfjølli på 1537,5 m.o.h.
Kommunesenteret Dalen med 900 innbyggjarar, ligg sentralt i kommunen, - i enden av Bandak og Telemarkskanalen. Dalen er eit regionalt viktig senter med kompetansearbeidsplassar, industri, reiseliv og handel. Prisbelønte og ærverdige Dalen hotel, Vest – Telemark Vidaregåande skule, Statkraft regionkontor, NAV Vest – Telemark, Vest – Telemark kraftlag, Vest – Telemark Museum, Dalen Mekaniske AS og Bruvoll Marel AS, er døme på store arbeidsplassar i kommunen vår.
Vintersportstaden og veg-knutepunktet ved E134 i Høydalsmo, sommarbygda Lårdal, landbruksbygdene Mo og Byrte i vest, samt grendene Austheii, Åmdals Verk og Skafså i sør, er lokalsamfunn med framifrå buplassar, mykje frivillig arbeid og med gode møteplassar. Tokke er eit gamalt bjørneområde, noko som er skildra i kommunevåpenet vårt.
Visjonen vår er Kompetanse, kraft og kultur og vitnar om dei grunnleggande elementa i samfunnsutviklinga vår. i Høydalsmo, sommarbygda Lårdal, landbruksbygdene Mo og Byrte i vest, samt grendene Austheii, Åmdals Verk og Skafså i sør, er lokalsamfunn med framifrå buplassar, mykje frivillig arbeid og med gode møteplassar. Tokke er eit gamalt bjørneområde, noko som er skildra i kommunevåpenet vårt.
Visjonen vår er Kompetanse, kraft og kultur og vitnar om dei grunnleggande elementa i samfunnsutviklinga vår.