Helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar
Me har ledig
Heimesjukepleien Øvre:
1 x 60% fast frå snarast
2 x 50% fast frå snarast
Det er turnusarbeid med til einkvar tid gjeldande turnus.
Ein må jobbe både i utesona og inne på Åbo og må ha førarkort klasse B.
Vi har og ledig stilling som tilkallingsvikar i heimehjelp/BPA-tiltak.
Vi har og ledige helgestillingar19 % på sjukeheim i turnus, med arbeid 3 av 8 helgar.
For desse stillingane er det ikkje krav om autorisajon.
Det må framgå av søknaden din kva stilling du søker på.
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar.
Det er krav om å levere politiattest.
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, og kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Du må vere fleksibel og systematisk og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må beherske norsk godt både muntleg og skriftleg.
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Om bedriften
Årdal kommune: #meirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir.Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, teknologibygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.Alle er hjarteleg velkomne til oss!